«Det nordiske samarbeidet har ikkje vore så aktuelt på lenge»

Dag Henrik Nygård
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Helsingforsavtalen vart skriven den 23. mars 1962, og la eit grunnlag for det formelle nordiske samarbeidet. Difor skal vi feire den 23. mars kvart år.

Det nordiske samarbeidet har ikkje vore så aktuelt på lenge.

Kjenner oss heime

Alle veit kva Norden er, men det er ikkje alle som tenkjer så mykje på sjølve samarbeidet. Dei fleste av oss vil kunne kjenne oss heime i andre nordiske land. Vi kan snakke vårt eige språk, vi har relativt same kultur, lik religion og samfunnsstrukturar vi kjenner att frå der vi bur.

I mange tiår har vi vent oss til at vi kan røre oss mellom nordiske land utan pass, og at det skal vere så lett som mogleg å arbeide og studere i andre nordiske land.

Det er heilt tydeleg at utviklinga av verdssamfunnet er meir mellomstatleg samarbeid, og at vi må arbeide saman for å kunne nå sams mål og vinne over sams utfordringar.

Eg kan ikkje kome på noko som er betre etla til å nå slike mål enn det nordiske samarbeidet. Det viktigaste målet må vere å bryte ned grensehinder som er i vegen for folk som vil arbeide, leve, bu og studere i eit anna nordisk land enn der dei kjem frå.

Treng vi eit nordisk samarbeid?

Når vi har Den europeiske unionen, Sameinte nasjonar, NATO og liknande, treng vi då eit sterkt nordisk samarbeid? Ja, det treng vi.

Norden skal vere den best integrerte regionen i verda i 2030, og det skal vi klare saman, men då må vi stå på.

Lat Norden vere ei bjølleku og vise vegen i samarbeid på tvers av land. Det skal gjelde alle samfunnsområde, både næring, kultur, miljø, språk, utdanning med meir. Vi kan ikkje vente til ting må gjennom EU og EØS, her må dei nordiske landa liggje i forkant og vise vegen.

Ny situasjon

Ettersom at heile Norden no ser ut til å verte med i NATO, vil det nordiske samarbeidet kunne verte endå sterkare når det gjeld forsvar og utanriks. I ei tid med krig og uro i relativ nærleik, er det nordiske samarbeidet i ein ny situasjon.

Sameleis skal vi halde oppe målet om fleksibilitet, soleis at det vert lettare både for ungdom og vaksne å kunne studere, arbeide eller drive næringsverksemd i eit anna nordisk land. Då kan vi ikkje ha grensehinder som gjer at energien vert brukt opp på skattekort, tungdrivne bankoverføringar, tollhinder og anna som set kjeppar i hjula til dei som vil skape vekst og bidra til samfunnet.

Digitaliseringa skal i teorien kunne gjere det mykje lettare med eit nordisk samarbeid, men diverre har vi fleire døme på at visse saker vert endå meir innvikla, av di det lett kan setjast geografiske avgrensingar, krav om lokalt mobiltelefonnummer, nasjonalt personnummer og liknande.

Saman skal vi skape den best integrerte regionen i verda i 2030, slik visjonen er. Dette vil gagne både deg, Norden og verda.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


  • Les også meiningsteksta:

«Ønsker vi virkelig, at danske børn skal være dårligst til at forstå sine skandinaviske naboer?»