«KrF må vere tru mot sidemålskarakteren»
– Mållaget håpar at KrF ikkje svekkjer sidemålsordninga og med det skrotar sidemålsordninga slik vi kjenner henne, skriv Peder Lofnes Hauge.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Før stortingsvalet for fire år sidan sa eg med bakgrunn i stortingsvalprogrammet at «KrF har alltid vore ein trygg og solid støttespelar for nynorsken, og det er partiet òg denne gongen». No er eg meir usikker.
Eit mindretal i programkomiteen vil rokke ved sidemålet sin plass i skulen. Landsmøtet denne helga skal ta stilling til ein dissens om ein heilt grunnleggjande del av sidemålsordninga: korleis elevane blir vurderte, i dag gjennom eigen karakter i skriftleg sidemål. Det er avgjerande viktig at landsmøtet slår fast at elevane skal få vurdert kompetansen sin i sidemål, og at dette skal synleggjerast på vitnemålet.
Sidemålskarakter styrkjer opplæringa
Å ha ein eigen karakter i sidemål viser at bokmål og nynorsk er like viktige språk i Noreg. Det er ei konkret og tydeleg stadfesting av språkleg likestilling. Å fjerne karakteren vil sende eit signal om at sidemålet tel mindre – og slik svekkje både likestillinga og respekten for mindretalsspråket nynorsk.
Eigen karakter i sidemål styrkjer også sjølve opplæringa. Når elevane får ei sjølvstendig vurdering i sidemål, får dei betre tilbakemelding på utviklinga si, og opplæringa blir meir strukturert og forpliktande – både for lærarar og elevar. Det aukar læringsutbyttet og motiverer elevane til å gjere ein innsats. Dette er særleg viktig i ein karakterstyrt skulekvardag.
KrF kan vere nøkkelalliert
KrF skriv i programutkastet sitt at «et språk i mindretallsposisjon har et vanskeligere utgangspunkt enn et språk som benyttes av flertallet. Det må derfor være en prioritert oppgave å løfte nynorskens status som bruksspråk, og fjerne hindringer som nynorskbrukere møter.» Dette viser at KrF forstår at det er ulike vilkår for dei to språka våre – og at det krev politisk handling å jamne ut forskjellane.
Difor håpar Mållaget at KrF ikkje svekkjer sidemålsordninga i same programmet og med det skrotar sidemålsordninga slik vi kjenner henne. Om noko, bør ordninga forbetrast. Vi veit mykje om kva som skal til for å auke kompetansen i og haldningane til nynorsk: tidleg start med sidemål slike læreplanane ynskjer, betre og meir engasjerande undervisning og lærarar som kjenner seg trygge på å undervise i og på nynorsk.
Alt ligg til rette for at KrF framleis kan vere ein nøkkelalliert for nynorsken i norsk politikk. Det er særleg viktig om det blir eit borgarleg fleirtal. Men då må landsmøtet våge å stå på mindretalet si side – og ikkje svekkje eit av dei viktigaste verkemidla for språkleg likestilling i skulen.