Norsk lettast å forstå blant unge i Norden

Unge i Norden synest norsk er det enklaste språket å forstå. Men alle vedgår at det er lett å slå over til engelsk når ein treffer nokon frå dei andre landa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både svenske, danske, finske og islandske ungdommar synest det norske språket er det som er lettast å forstå, viser ei ny undersøking, som Forskning.no har referert.

Samtidig synest ein stor del av ungdommane i Noreg at svensk og dansk er lett å forstå.

Også færøyske ungdommar synest at det er lett å forstå dei andre nordiske språka.

Finnar forstår svenskar

Undersøkinga er gjord blant 2.000 unge mellom 16 og 25 år i heile Norden på vegner av Nordisk ministerråd.

Blant dei svenske seier 80 prosent at det er lettast å forstå norsk. Blant dei unge danskane svarer 67 prosent at norsk er lettast å forstå.

Kva av dei nordiske grannespråka våre er lettast å forstå?

Kva av dei nordiske grannespråka våre er lettast å forstå?

Svensk253
Dansk108
Islandsk10
Færøysk1203
Finsk22
Svar totalt: 1596

 

Hos finske ungdommar, som lærer svensk på skulen, svarer 22 prosent at det blant språka elles er norsk som er det lettaste, medan 7 prosent synest dansk er lettast.

Blant dei islandske ungdommane synest 45 prosent at norsk er lettast.

Dårlegare språkforståing

Den same undersøkinga viser òg at folk fort tyr til engelsk når dei møter nokon frå dei andre landa. Det gjeld særleg i formelle møte og samtaler.

Samtidig svarer to tredelar at det å forstå dei skandinaviske språka er ein viktig del av det nordiske fellesskapet. Forskinga har vist at språkforståinga mellom folk i Norden har vorte dårlegare, og mykje har skjedd på berre ein generasjon.


Les også: Victor Leksell fekk Nordens språkpris på Svinesundsbrua

Victor Leksell med famna full av språkblomar frå Foreningen Norden, som gav han språkpris for 2020. Foto: Johnny Hyunh / presse