Stort prosjekt for innsamling av tekstilar – vi kastar 50 000 tonn i restavfallet kvart år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi kastar 50 000 tonn klede, sko og andre tekstilar i restavfallet kvart år. Det kan vi ikkje halde fram med. Det er heilt naudsynt med skikkelege returordningar, men det er ikkje nok.

– Vi må heilt klart endre bruksmønsteret vårt. Det er ikkje nok råvarer i verda til å halde på slik vi har gjort før, seier Linda Refvik, dagleg leiar i NF & TA.

NF & TA ei næringsklynge for aktørar i den norske mote-, sport- og tekstilindustrien. Dei er ein del av det offisielle programmet Norwegian Innovation Clusters, og er finansiert av blant andre Siva (Selskapet for industrivekst), Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg. I dag er 150 bedrifter og etatar frå heile næringskjeda med.

Linda Refvik er dagleg leiar i NF & TA, som arbeider for ein meir sirkulær industrimodell i kles- og sportsbransjen. Foto: NF & TA

Bransjen er med

– Målet vårt er å utvikle ein sirkulær og berekraftig bransje, og dei som skal vere med på å løyse problemet, heile verdikjeda, er medlemer hos oss. Denne partnarskapen er med på å finne gode løysingar, seier Refvik.

Ho kallar det eit skikkeleg spleiselag, som skal finne løysingar som er lønsame både for miljøet og for verdiskapinga.

Målet er klart:

  • Dei skal finne ut korleis ein best kan samle inn tekstilar, klede og sko som kan brukast på nytt.
  • Finne ut korleis øydelagde tekstilar, klede og sko kan gå til materialgjenvinning og bli til nye produkt.
  • Sjå på moglegheitene for å byggje gjenvinningsanlegg for tekstilar her i landet.

Prøveprosjektet starta i februar i Askøy og Bergen, Drammensregionen, Fredrikstad, Lørenskog, Stavanger og Trondheim. Det er meininga at dei i prosjektperioden skal registrere mengd og analysere kvaliteten på dei innsamla tekstilane i kvart område.

I tillegg skal dei kartleggje korleis innbyggjarane opplever den nye ordninga, og dette skal danne grunnlaget for tilrådingar om framtidige løysingar for heile landet.

Ulike innsamlings-konteinarar

Den grå boksen til høgre er til innsamling av tekstilar som elles ville gått i restavfallet. Foto: BIR

Tekstilane som blir samla inn i prøveprosjektet skal sendast vidare til ombruk og gjenvinning. I dag går under tre prosent til gjenbruk her i landet, medan dei resterande 97 prosentane blir eksporterte til sortering for ombruk og materialgjenvinning i andre europeiske land.

– Ikkje nok å sortere

Linda Refvik er klar på at det ikkje er nok å ha ei innleveringsordning. Ho meiner det i framtida vil vere heilt naudsynt å auke gjenbruksmarknaden, og ho er glad for at aktørar i klesmarknaden, til dømes Bergans og fleire andre, no tenkjer pant på klede.

– Det er ikkje nok å sortere. Vi må kjøpe mindre og bruke kleda lenger. Vi må endre bruksmønsteret vårt. Eg trur ikkje lågprismarknaden blir borte, men eg trur gjenbruk vil bli mykje meir vanleg enn i dag.

– Produsentar vil i framtida truleg få eit totalansvar for produktet sitt, at dei også må betale når produktet deira blir til søppel. Det gjer det interessant å lage produkt av høg kvalitet som kan brukast om igjen av andre, når det ikkje lenger er interessant for dei som kjøpte plagget, seier ho.

Klesstativ med klede på

Det vil bli meir gjenbruk av klede i framtida, og det er heilt naudsynt, meiner også tekstilnæringa sjølv. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

NF & TA-sjefen er sikker på at det vil kome mange nye lover og forordningar på dette feltet i åra som kjem, og at det er viktig at vi her i landet er i forkant av utviklinga.

Mote- og tekstilnæringa er den fjerde største verdiskaparen i verda, men også ein av dei mest forureinande industriane globalt.

– Det er heilt naudsynt å utvikle ein berekraftig og sirkulær mote-, sport- og tekstilindustri. Det inneber nytenking i forretningsmodellar som skapar verdiar baserte på nye design- og produksjonsprosessar, sirkulær handel og utnytting av lokale verdikjeder, meiner Linda Refvik.

Forskingsprosjekt

Sifo-stipendiat Anna Schytte Sigaard er med i forskingsprosjektet Wasted Textiles, som skal finne ut kvar det blir av alle tekstilane som går ut av bruk. Kan dei resirkulerast på nokon måte, slik at dei kan brukast vidare?

Ho meiner det er spesielt vanskeleg å vinne att klesplagg av blandingsmaterialar. Ho har også observert at mange heilt nye plagg blir kasta.

Mange par med sko på eit golv

Brukbare sko kan kome andre til nytte. Innan 2025 skal alle kommunar ha eit fungerande mottaksanlegg for brukte tekstilar, klede og sko. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

I doktorgradsprosjektet sitt har ho samla inn over 3000 plagg frå 28 husstandar, som har spart på alt dei hadde tenkt å kvitte seg med. I tillegg til å registrere kvart einaste plagg med fiberinnhald, type plagg, tilstand og liknande, har ho intervjua alle husstandane om alle plagga. Ifølgje nettsidene til OsloMet blir dette no analysert.

– Det aller viktigaste er å få ned mengda av søppel. Då må alle aktørar vere samde, eller tvingast til det. No er industrien berre oppteken av resirkulering av fiber, ikkje å få ned produksjonen, seier Sigaard.

Slik sorterer du tekstilar du vil kvitte deg med:

  • Sørg for at alt er reint og tørt før du sorterer.
  • Legg tekstilar, klede og sko som kan brukast om igjen i eigen pose.
  • Legg dei øydelagde tekstilane, kleda og skoa i ein annan pose. Merk gjerne posen med «Øydelagt».
  • Legg sko i eigen pose.
  • Knyt dobbelt knyte slik at posane blir heilt tette

LES OGSÅ: Slik påverkar klesindustrien verda

Foto: Freestocks.org/Unsplash