Senterungdommen vil reversera kutt frå moderpartiet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange som er eldre enn meg kan takka BSU-sparinga for at dei har kome inn på bustadmarknaden. Eg vil at min generasjon og dei som kjem etter skal få dei same moglegheitene.

Det seier sentralstyremedlem i Senterungdommen, Dordi Boksasp Lerum, på telefon til Framtida.no.

Kutta i BSU-ordninga 2023

I revidert statsbudsjett for 2023 vart regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet einige med SV om å kutta i BSU-ordninga.

Tidlegare har unge under 34 år som sparar i BSU (bustadsparing for unge) fått 20 prosent skattefrådrag på den årlege summen på 27.500 kroner. Frå 2023 får du berre 10 prosent skattefrådrag.

Med å kutta det årlege skattefrådraget ein kan få frå 5500 kroner til 2750 kroner, sparar staten kring 600 millionar kroner årleg.

Boksasp Lerum skjønar at det var tronge tider, men meiner at BSU-kuttet var eitt av kutta som svei mest.

– Ein konsekvens er at ikkje like mange får moglegheit til å eige eigen bustad. Dette er eit tiltak som betyr meir enn å til dømes heva studiestøtta eller andre ordningar, fordi det varar livet ut, argumenterer senterungdomspolitikaren.

I Oslo var snittprisen for å leige bustad på 14.621 kroner i andre kvartal av 2022, melder E24.
Foto: Oscar Daniel Rangel/Unsplash

Vil auka BSU-grensene

Trass i BSU-kutta frå regjeringa har Senterpartiet i sitt prinsipp- og handlingsprogram for 2021–25 vedteke at dei vil styrka BSU-ordninga.

På helgas landsmøte vil Senterungdommen konkretisera og styrka denne politikken.

Deira forslag er å gå tilbake til 20 % skattefrådrag, auka den årlege sparesummen til 30.000 kroner og auka maksbeløpet frå 300.000 kroner til 400.000 kroner.

Sosialistisk Ungdom, Unge Venstre og Raud Ungdom har tidlegare teke til orde for å skrota BSU-ordninga, som dei meiner favoriserer dei med god råd.

AUF vil erstatta ordninga

Astrid Willa Hoem er leiar i AUF. Foto: Pressefoto

Også AUF-leiar Astrid Willa Hoem meiner dagens BSU-ordning i størst grad hjelper unge med god økonomi. Hoem sa til Framtida.no i fjor at AUF vil erstatta BSU med meir målretta ordningar:

– Unge bør få startlån, og vi må ha ordningar som leige-til-eige for dei som ikkje kan spara til eigenkapital. Men det viktigaste vi gjer, er å skatta bustadhaiane hardare, så veksten i bustadmarknaden vert bremsa kraftig.

KrFU var nøgd med dagens BSU-ordning etter at ein ikkje lenger kunne spara etter ein har kjøpt sin første bustad.

Unge Høgre og FpU er på bølgelengd med Senterungdommen og vil auka maksgrensa.

Gardssparing for unge

På landsmøtet vil Senterungdommen òg kjempa for gardssparing for unge (GSU), som òg er vedteke senterpartipolitikk.

– Me unge som skal ta over gard tek over noko det trengst store investeringar på. Det er oftast ikkje ein ny fjøs og trengst investeringar på fleire millionar. Det me sparar til bustad og skattefrådraget gjev oss eit betre grunnlag til å ta over garden, understrekar Boksasp Lerum.

Ho peikar på kor mykje ei utviding av BSU og innføring av GSU vil bety for dei det gjeld:

– Ein ungdom som sparar i både BSU og GSU får 12.000 kroner meir i året.


Bonde Martin Jordalen har investert 13 millionar i garden i Oldedalen i Stryn, der han har 50 mjølkekyr. Det betyr mykje arbeid og lite ferie. Foto: Privat