Unge sparer mindre i BSU

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman hadde privatpersonar i Noreg plassert 49,1 milliardar kroner i BSU, (Bustadsparing for ungdom). Det er ein nedgang frå 53,5 milliardar kroner frå året før, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– I 2022 registrerte vi negativ tolvmånadersvekst i BSU-sparing for andre år på rad. Første gong BSU-innskota fall gjennom eit år var i 2021, fortel rådgivar Karl Henrik Nordbakken i SSB.

Regelendringane dei siste åra har gjort det mindre attraktivt å spare i BSU.

– I tillegg har innskotsrentene vore uvanleg låge i perioden. Det kan dermed tenkjast at dei unge vurderer alternative plasseringar av pengane sine, seier Nordbakken.

No får berre personar som ikkje eig bustad skattefrådrag for BSU-sparing. I tillegg er skattefrådraget som blir gitt på BSU-sparinga kutta frå 20 til 10 prosent.

Ein kan spare på BSU til og med det året ein fyller 33 år.


Kollasj av Framtida.no. Foto: Pressefoto og ConstantinosZ/GettyImages/Canva.