Rapport: Elevar opplever meir press, og mobbing aukar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om dei fleste elevar opplever at dei har eit godt skule- og læringsmiljø, prega av trivsel og støtte frå lærarane, opplever elevane meir press relatert til skulen enn før. Det er også ein auke i mobbing.

Det viser ein delrapport frå regjeringsoppnemnt utval overlevert til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) tysdag morgon.

Under leiing av professor Tine Sophie Prøitz ved Universitetet i Søraust-Noreg har utvalet gått gjennom bruken av prøver og krav til rapportering og dokumentasjon i skulen.

Eit hovudfunn er at fleire unge no enn før ikkje trivst på skulen, og oppgir at dei kjedar seg og gruar seg til å gå på skulen.

Rapporten skal beskrive styrkar og utfordringar i dagens system.

Råd til hausten

Delrapporten er den første av to frå utvalet, som vart nedsett av regjeringa i fjor. Dagens rapport presenterer kunnskapsgrunnlag. Sluttrapporten kjem til hausten. Då vil det komme råd om endringar.

Regjeringa ønskjer med utvalet og rapportane å tenkje nytt om korleis vi måler kvaliteten i norske skular, og korleis vi jobbar med kvalitetsutvikling. I dag blir det lagt veldig stor vekt på det som er målbart, men ikkje alt som tel i skulen kan teljast, uttalte Brenna.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fekk tysdag ein ny rapport overlevert. Arkivfoto: Torstein Bøe / NTB / NPK / NPK

Gammalt grunnlag

Per i dag har Noreg eit system for å vurdere kvalitet basert på nasjonale prøver, kartleggingsprøver, undersøkingar, som Elevundersøkelsen, og internasjonale undersøkingar, som PISA. Dette systemet er basert på utgreiingar gjort for over 20 år sidan.

Det offentlege utvalet har medlemmer frå lærarorganisasjonane, Skolelederforbundet, Elevorganisasjonen, kommunane, Sametinget og forskarar. Utvalet skal involvere elevar, lærarar, skuleleiing, fagmiljø og relevante organisasjonar.


Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Foto: Unge Høyres Landsforbund