Trur færre vil bli dømt med ny samtykkelov

Regjeringa vil innføra prinsippa «berre ja betyr ja» og «nei betyr nei» i straffelova. Men advokat Mette Yvonne Larsen kallar det eit «aktivistforslag».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Som politikar kan ein ikkje ha som mål at fleire skal bli dømde. Målet må heller vera at dei rette sakene fører til domfelling, seier advokat Mette Yvonne Larsen til TV 2.

Ho leier Forsvarergruppen i Advokatforeininga og kallar lovforslaget eit «aktivistforslag».

– Me trur det berre vil gjera ein allereie svært vanskeleg sakstype endå meir komplisert. Og eg meiner fleire vil bli frifunne, seier Larsen.

Ho set spørsmålsteikn ved kva som faktisk utgjer «samtykke i ord eller handling» og trur lovendringa «vil føra til ein god del brutal strafferett».

– Fleire vil bli politimelde og tiltalte for valdtekt. Det vil ramma unge menneske som kanskje har famla seg fram, vore rusa eller hatt blackout. Dei som hevdar seg valdtekne må i behandling, og dei som blir skulda får livet sett på vent.

– Med «ja betyr ja»-modellen blir bevisbiletet endå vanskelegare, og derfor trur eg me vil få fleire frifinningar, seier Larsen.

Jurist og Bergens Tidende-redaktør Eirin Eikefjord åtvarar også mot utilsikta konsekvensar.

– Eg trur me vil sjå fleire tilfelle der nokon tek bilete eller filmar det som skjer, for å sikra seg. Det kan igjen føra til nye krenkingar, seier ho.