«Hordfast handlar ikkje berre om betre framkome – det handlar om tryggleik og klima»
Den nye firefelts motorvegen vil gjere reisa mellom Bergen og Stavanger både tryggare og raskare, skriv Mathias Heian Ræmisch frå FpU om den ferjefrie planen for E39.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Vestlandet tener ikkje på å stå stille. Framstegspartiet vil vere garantisten for Hordfast – denne planlagde ferjefrie vegsambandet mellom Stord og Os på E39. Dette er ei særs god investering i samferdsel, klima og verdiskaping. Det er òg eit prosjekt som bind regionane saman, og som gjer reisene mellom Bergen og Stavanger betydeleg raskare, tryggare og grønare.
Dagens reiserute mellom Halhjem og Sandvikvåg-ferja er tidkrevjande og sårbar. Hordfast vil gjere det mogleg å køyre strekninga Bergen–Stavanger på ein moderne, møtefri veg, heilt utan å vere avhengig av ferjer eller fly. Resultatet? Kortare reisetid, potensielt slutt på flyruta Bergen–Stavanger, lågare utslepp og auka trafikksikkerheit på ny og utbetra veg.
Framstegspartiet ønskjer å fullføre ferjefri E39 – ikkje berre for å knyte saman Vestlandet, men òg for å få folk og varer trygt fram. Vi prioriterer samferdsel høgt i våre alternative budsjett, og vi har vore klare på at slike prosjekt skal kunne finansierast utan bompengar. Når staten krev inn milliardar i bilrelaterte avgifter kvart år, meiner vi det er på sin plass at noko av dette faktisk blir brukt på vegane folk treng.
Hordfast handlar ikkje berre om betre framkome – det handlar om tryggleik og klima. Den nye firefelts motorvegen vil gjere reisa mellom Bergen og Stavanger både tryggare og raskare. Han vil redusere møteulukker og gjere det enklare å bruke elbil over lange avstandar. Når Hordfast står ferdig, kan vi òg sjå for oss at den hyppige flyruta mellom Bergen og Stavanger forsvinn – med store utsleppskutt som resultat.
Det er difor eit paradoks at Miljøpartiet Dei Grøne – som hevdar dei kjempar for klimaet – heller vil oppretthalde flytrafikken enn å støtte eit klimatiltak som faktisk verkar. I staden for å seie ja til ein trygg og framtidsretta veg som kan erstatte fly, vel dei å seie nei – utan å ha ei betre løysing.
Vi i FrP meiner Vestlandet treng meir enn symbolpolitikk. Vi treng løysingar som verkar. Hordfast er ei slik løysing. Ho knyter saman folk og næringsliv, ho gjer det lettare å bu og arbeide i regionen, og ho bidreg til eit meir berekraftig transportsystem i framtida.
Dette handlar ikkje om å byggje for bygginga si skuld. Dette handlar om å gje Vestlandet dei verktøya vi treng for å vekse, leve og konkurrere – òg i ei grønare framtid.