Fritt Ords Honnør til Ella Marie Hætta Isaksen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ella Marie Hætta Isaksen var frontfigur under demonstrasjonane mot den manglande oppfølginga til regjeringa av høgsterettsdommen om vindturbinane på Fosen i Trøndelag.

– Kunstnaren og aktivisten Isaksen har vorte eit sterkt symbol på den fornya rettskampen urfolk har ført i Noreg, 40 år etter Alta-aksjonane, skriv Fritt Ord i ei pressemelding.

– Denne kampen har vist seg først i den samiske kunsten og kulturen, og ført til auka forståing for urfolksrettar i den breie offentlegheita, særleg blant unge. Her har Isaksen stått sentralt ved å sameine kultur, aktivisme og arbeid for minoritetsvern og urfolksrettar på måtar som har nådd svært mange. Ho har sett i gang viktige samfunnsdebattar og refleksjonsprosessar, seier Stiftinga Fritt Ords styreleiar Grete Brochmann.

Fritt Ords Honnør består av eit beløp på 100.000 kroner. Prisen blir delt ut av Stiftelsen Fritt Ords styre for verdifullt virke i tenesta til det frie ordet, gjerne i tilknyting til ei aktuell sak.


Har du fått med deg desse?

Leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund: – Mistar tilliten til rettsstaten Noreg

Elle Nystad er leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund (NSR-N). Foto: Edith Meek Allern