Over 50 varsel om seksuell trakassering ved universitet og høgskular i 2022

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala er henta inn av Khrono frå 19 av 21 offentlege universitet og høgskular. Sakene gjeld både tilsette og studentar.

Ragnhild Hennum, leiar for Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking, er ikkje overraska over at tala no viser ein viss auke.

– Forhåpentleg er årsak til at vi ser ein viss auke i tala i tråd med funna som vart gjort i kartleggingane i 2019. Når forståinga for denne typen saker aukar og informasjonen om varslingskanalar blir betre, så blir det også rapportert inn fleire saker. Det er bra, men betyr nødvendigvis ikkje at problemet aukar i omfang, men kanskje heller at vi får stadig betre oversikt over problemområdet, seier ho til Khrono.

Det er UiO som har flest saker knytt til seksuell trakassering i fjor (12). Universitetet i Bergen har nest flest med 11, medan NTNU i Trondheim på tredje hadde seks varsel.


Les også: Oberstløytnant i Forsvaret om valdtekter: – Vi har ein ukultur som gjer seg gjeldande på alle nivå

Oberstløytnant Lena Kvarving synest kvinnedagen 8. mars er eit bra høve til å setje fokus på trakassering og seksuelle overgrep – både i samfunnet og i Forsvaret. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK. Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret. Kollasj av Framtida.no