Etterlyser ein meir nyansert pornoprat

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunikasjonsansvarleg i Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom, Rebekka Kvilaas. Foto: Privat

– Ein pornoprat bør innehalde både dei gode og negative sidene ved porno, debatt og dialog.

Det seier Rebekka Kvilaas, kommunikasjonsansvarleg i Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom.

Porno inn i undervisninga

I veke 6 lanserte organisasjonen Lightup Norway ein ny versjon av nettsidene Pornoprat.no.

Tiltaket er ein del av eit treårig prosjekt som har fått støtte frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Nettstaden Pornoprat.no rettar seg mot unge i alderen 13–18 år og stiller spørsmålet «Er porno bra eller dårleg?». Nettsidene viser vidare til korleis porno påverkar «meg», «kjærasten min» og «verda rundt meg».

Her kan ein få «10 gode råd til å slutte å se på porno» og kan booka Lightup Norway anonymt til skulen.

Skjermdump av nettsida Pornoprat.no.

– Det florerer av ulovleg porno som viser vald, krenkingar og overgrep på nett. Pornoprat.no tek opp nettopp dette, og skapar refleksjon rundt korleis porno kan påverka oss personleg, i relasjonar og på samfunnsnivå, sa dagleg leiar i Lightup Norway, Ragnhild Lindahl Torstensen, i pressemeldinga knytt til lanseringa.

Organisasjonen erfarte at unge ikkje snakka med vaksne, foreldre eller lærarar om porno.

Dette tomrommet vil Lightup Norway fylla ved å løfta fram forsking og ressursar for å gje ungdommar eit verktøy for å forstå porno.

Positiv til porno i undervisninga

Rebekka Kvilaas frå Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom er positiv til ressurssidene knytt til porno, som Lightup Norway viser når dei er på skulebesøk.

Ho peikar på at det statistisk sett vil vera fleire i eit klasserom med 13-åringar som har sett på porno, og at det difor er viktig at opplæringa ikkje blir opplevd moraliserande.

– Det er eit tema ein må snakka om i seksualitetsundervisninga. Me må læra unge å ha eit kritisk syn på porno, men me må ikkje skremma bort den naturlege nysgjerrigheita, seier Kvilaas.

Ho meiner det er viktig å læra å tenkja kritisk, framfor å stempla porno som bra eller dårleg.

– Me skulle ynskja at det var eit meir nyansert bilete, seier ho.

– Positiv seksualitet

Også organisasjonen Sex og Politikk er positive til at aktørar tek initiativ til å få porno inn i undervisninga. Dei har notert seg at dette vert etterlyst av både undervisarar og elevar.

Seniorrådgjevar i Sex og Politikk, Ellen Marie Hansen. Foto: Jo Michael Studio C

– Lightup jobbar spesifikt med menneskehandel og trafficking og har ein ganske annan agenda enn Sex og Politikk, noko som formar korleis ein lagar eit opplegg. Me er skeptiske til undervisningsopplegg som er einsidig moraliserande og problemfokusert om porno. Det skapar ikkje lyst eller rom for å snakka fritt og informert om det i klasserom og som del av ei heilskapleg seksualitetsundervisning, seier seniorrådgjevar Ellen Marie Hansen.

Ho skulle heller sett at pornopraten vart sett inn i ein større samanheng, som til dømes digital forståing.

– Positiv seksualitet skal vera vår innfallsvinkel. Skam og skuld skal vera i baksetet. Me skal ikkje ha ei dømmande haldning til porno, men skapa trygge rom.

Saknar nyansar

Hansen ønskjer ikkje å skyta ned nettsida, men hadde helst sett eit litt mindre einsidig problemfokus. Ho peikar på at nettsida svarar på «Kva er dårleg med porno?», trass i at opningsspørsmålet er: «Er porno bra eller dårleg?» 

– Ein er ikkje open for at det kan vera positivt. Det hadde vore noko anna om det var pakka inn litt annleis som; «Kva er problematisk med porno?» Det kan opplevast for undervisarar som ei falsk tryggleik på kva som er ei heilskapleg tilnærming, seier Hansen.

Ho meiner vidare at nettsida i motsetning til porno er lite visuelt, og at det forsterkar kjønnsstereotypiar.

– Dei er ikkje så bevisste på eit breiare kjønnsperspektiv, men set jenter og gutar opp mot kvarandre.

Dagleg leiar i Lightup Norway, Ragnhild Torstensen. Foto: Lightup Norway

Lightup Norway: – Dreg i same retning

– Det å fremma kritiske perspektiv på vald, overgrep og menneskehandel er ikkje det same som å koma med peikefingeren, svarar dagleg leiar i Lightup Norway, Ragnhild Torstensen.

Ho understrekar at dei i møte med elevar ikkje spør eller dømmar nokon for å sjå på porno. Målet er å saman med elevane skapa refleksjon om innhaldet og påverknaden frå porno.

– Ein stor del av pornoen som er tilgjengeleg ved få klikk inneheld vald, kjønnsdiskriminering, rasisme og incest. Det er utruleg viktig å snakka om desse narrativa som står i kontrast til verdiar me elles har i samfunnet og kva som bør kjenneteikna ein positiv seksualitet, seier Torstensen.

– Me treng kritisk refleksjon

Om porno kan vera ein del av ein positiv seksualitet, stiller Torstensen seg kritisk til. Ho peikar på at Pornhub og andre store aktørar er gjennomsyra av ekstremvideoar med til dømes kveling og vald.

– Sjølvsagt er det enkeltvideoar der dette ikkje er ein komponent, men det gjeld ein stor del og det er djupt problematisk. Pornografisk innhald er innhald med 18-års grense. I tillegg er det viktig å tenka på alle menneska som utsettast for utnyttelse i pornoindustrien, seier Torstensen og held fram:

– Ein må vera varsam og me som samfunn kan ikkje berre seia til barn og ungdommar at «porno finst, og er det bra for deg, så berre køyr på». Me treng kritisk refleksjon kring kva innhaldet er, kva det gjer med oss som ser på og samfunnet vårt.

Skjermdump frå nettsidene Pornoprat.no

Ulike innfallsvinklar

Ho peikar på at det er umogleg å vita om aktørane i pornoklipp er samtykkande personar over 18 år, eller om det er andre formar for utnytting.

– Det er naturleg at ulike organisasjonar har forskjellige formål og vil vektleggja ulike perspektiv og innfallsvinklar. For Lightup står det sentralt å jobba førebyggjande mot seksuell utnytting og seksuelle overgrep, noko som også blir reflektert på pornoprat.no. Me trur at Lightup sit på viktige kritiske perspektiv om porno som elles kan vera ei mangelvare i samfunnet, understrekar Torstensen.

Spørsmålet «Er porno bra eller dårleg?» er bevisst formulert svart/kvitt for å vekkja interesse for forskingsgrunnlaget Lightup Norway har samla på pornoprat.no.

Torstensen er ikkje einig i at nettsidene er lite visuelle, og fortel om gode tilbakemeldingar av ungdommar frå brukartesting. Tilbakemeldingane går ifølgje Torstensen ut på at nettsida opplevast som trygg, at det er trygt at det er anonymt, at ein lærer mykje ein ikkje visste og at det er bra at nettsida forklarar baksida ved porno.

– Ser konsekvensane hjå barn og unge

Organisasjonen opplever at unge fortel om dårleg seksualitetsundervisning og at mange lærarar synest det er ein vanskeleg tematikk å ta tak i.

– Me er glade for å sjå eit skifte dei siste åra, der det er ein større aksept i samfunnet for å sjå på dei kritiske perspektiva. Det handlar om at ein ser konsekvensane hjå barn og unge, som fortener å ikkje bli overlatne åleine til valdsporno, seier Torstensen.


Leiar i sentralstyret til SNU – Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom, Thea-Caroline Zwahlen, har tidlegare etterlyst gratis prevensjon for dei under 16 år. Illustrasjonsfoto: Reproductive Health Supplies Coalition, Unsplash.com