Politikk og samfunn

Når leseglede blir luksusvare

Eit nytt skuleår skal handle om håp, ikkje om frykt for økonomiske utfordringar, skriv Tilde Roswall frå Asker og Bærum FpU.

Tilde Roswall
Leiar i Asker og Bærum FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eit nytt semester betyr nye moglegheiter. For mange handlar skulestart om å setje seg nye mål; kanskje lese meir, lære noko nytt, eller spare pengar etter ein dyr sommar. Men starten på året er også ei tid for ettertanke, og for mange kjennest det økonomiske presset tyngre enn nokosinne.

Prisane på mat har sidan 2021 auka med 33 prosent, og folk flest har fått mykje dårlegare råd under den sitjande regjeringa. I tillegg ønskjer Høgre å innføre moms på bøker, noko som vil gjere ei allereie kostbar vare heile 25 prosent dyrare.

Å få ei bok som barn kan skape leseglede i ung alder, noko som er essensielt for å utvikle språkferdigheiter og lærelyst.

Når vi i dag har ein skule som rapporterer om dårlegare og dårlegare resultat er det nødvendig at barn i ung alder kan skape glede for å lese og å lære. – ikkje berre dei som har foreldre med god økonomi.

Familiar må tigge for heilt vanlege ting

Til no har bøker vore fritekne for moms nettopp for å gjere dei tilgjengelege for folk flest. Men med Høgres forslag skal dette endrast. I staden for å la folk sjølv behalde pengane sine, ønskjer dei å hente inn meir skatt, for så å gi litt tilbake gjennom støtteordningar som barnetrygd.

Som om familiar skal tigge staten om å få tilbake sine eigne pengar for å ha råd til heilt vanlege ting.

Dette tiltaket vil bidra til auka forskjellar mellom dei som har råd til å kjøpe bøker og dei som ikkje har det. Ei bok som kostar 400 kroner i dag, vil koste 500 kroner med moms. For mange familiar er dette avgjerande.

Det handlar ikkje berre om talet på bøker i bokhylla, men om barns moglegheiter til å lære å lese og skrive tidleg. Er det rett at berre dei barna som har foreldre med god råd, skal få dette viktige fortrinnet i skuleløpet sitt?

Endå dyrare pensumbøker

Studentar, som allereie lever på stramme budsjett, blir også hardt ramma. Mange har som nyttårsforsett å gjere det bra på studiet, men når pensumbøkene blir endå dyrare, vil det bli endå vanskelegare å få budsjettet til å gå opp.

Det er eit stort steg i feil retning å gjere utdanning og kunnskap mindre tilgjengeleg.

Samtidig vil dyrare bøker ramme nye forfattarar. Salet av fysiske bøker går allereie nedover, og med ein prisauke på 25 prosent vil det bli endå vanskelegare for nye stemmer å etablere seg. Vi ønskjer vel at marknaden, ikkje staten, skal avgjere kva forfattarar som lykkast?

Frp meiner det er feil å tvinge folk til å bruke meir pengar på kvardagslege ting, berre for at staten skal få inn meir pengar. Derfor foreslår Frp mellom anna å halvere matmomsen, slik at det blir billigare å handle. Vi kjempar imot auka prisar og ein stadig veksande stat. Du skal få behalde meir av pengane dine, og kva du vil bruke dei på, skal vere opp til deg.

Eit nytt skuleår skal handle om håp, ikkje om frykt for økonomiske utfordringar. Anten måla dine er å lese meir, lære noko nytt, eller berre få kvardagen til å gå opp, skal du ha høve til det.

Bøker skal ikkje bli ei luksusvare som berre nokon har råd til.