Aasland: Ikkje rettsleg grunnlag for å rive vindmøllene på Fosen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det slo olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fast då han måndag gjorde greie for den betente Fosen-saka for Stortinget.

Der viste han mellom anna til at reindrifta og Sametinget meiner dommen frå Høgsterett – som slår fast at konsesjonen som vart gitt til to vindkraftverk på Fosen, bryt med dei samiske rettane – ikkje kan lesast på annan måte enn at vindkraftverka må rivast.

– Vurderinga til departementet er at det ikkje er rettsleg grunnlag for ei slik tolking. Dommen betyr heller ikkje at konsesjonane til vindkraftverka på Storheia og Roan har falle bort. Inntil nye vedtak kjem på plass, blir vindkraftverka drivne i samsvar med dei opphavlege konsesjonane. Vindkraftselskapa gjer derfor ikkje noko ulovleg, sa Aasland.

Lovar å vareta rettane til reindriftssamane

Olje- og energidepartementet jobbar no på spreng for å gjere nye vedtak.

– Mellom anna treng departementet oppdatert kunnskap om den faktiske situasjonen på Fosen og moglegheitene for mildnande tiltak og effekten av desse før eit nytt vedtak blir fatta. Dette vil framleis ta noko tid, seier Aasland.

Han seier samtidig at han har forståing for situasjonen for reindriftssamane og lovar å vareta rettane deira.

– Situasjonen har vore krevjande for dei. Og han har vore uavklart. Eg forstår godt at dette har vore og er ein vanskeleg situasjon, seier Aasland.

Olje- og energiminister Terje Aasland han til stades utanfor OED, då Fosen-aksjonane pågjekk. Foto: Jørgen Næss Karlsen/Natur og Ungdom

– Ikkje tilfredsstillande

Frå talarstolen sa Aasland at han er klar over at det har vore mange meiningar om saka.

– Det er likevel ikkje slik at departementet ikkje har vore kjent med det folkerettslege vernet til reindrifta og ikkje har vurdert dei spørsmåla som dette vernet reiser.

Han meiner det ikkje er tilfredsstillande at det har teke så lang tid å komme vidare i saka og at regjeringa må ta sin del av ansvaret for det.

– Det er likevel ikkje slik at vi har trenert saka. Vi har hatt ei rekkje møte med reindrifta, Sametinget og andre ramma, sa Aasland.

– Og det er i samband med dette viktig å hugse på at folkeretten gir reindrifta klare prosessuelle rettar i form av konsultasjon og medverknad som vi må og skal følgje, sa Aasland.

Open for å sjå på alle løysingar

Aasland seier vidare at han er open for å sjå på alle løysingar og ønskjer tettast mogleg dialog med reindrifta på Fosen.

– Målet mitt er å finne løysingar som står seg for ettertida slik at vi unngår nye vanskelege rettsprosessar i denne saka. Det fordrar at vi så langt som mogleg søkjar semje.

Han seier ein må finne ei løysing som varetek rettane til reindriftssamane på Fosen, men vil ikkje avvise nokon alternativ.

– Det kan vere aktuelt med nokre løysingar som kan setjast i verk på kort sikt, medan andre grep kan vere meir langsiktige. Ønsket mitt er ein god og tillitsfull dialog med reindrifta på Fosen. Det er nødvendig for å avdekkje moglegheiter, konsekvensar og behov på kort sikt og på lang sikt, sa Aasland.

– Målet er sameksistens

Statsråden seier at regjeringa sidan høgsterettsdommen i oktober 2021 har jobba med ein arbeidsprosess som gjer at ein endar opp med nye vedtak i saka.

– Eg vil arbeide for at vi så tidleg som mogleg, helst i mars, skal få fastsett eit utgreiingsprogram. Det vil gjere at vi kjem i gang med kunnskapsinnhentinga på ein planmessig og god måte Her vil reindriftsfagleg kompetanse vere viktig, sa Aasland.

Han gjentok at målet hans er at dei finn løysingar som gjer at vindkrafta på Fosen og reindrifta kan sameksistere.

– Eg har ikkje gitt opp håpet om at slike løysingar kan vere moglege, men det er nettopp dette vi må vurdere i arbeidet framover. Det er ein jobb eg framleis har sterk tru på at vi kan lykkast med, sa Aasland.

– Eit menneskerettsbrot er likevel eit menneskerettsbrot

Sametingspresident Silje Karine Muotka (NSR) følgde utgreiinga for Stortinget. I ei pressemelding peikar ho på at Høgsterett har konkludert med at konsesjonsvedtaket er ugyldig:

Sametingspresident Silje Karine Muotka meiner det er openbert at oppfølging av Fosen-saka ikkje har vore god nok, og held fast ved kravet om ei uavhengig gransking av staten si sakshandsaming. 
Foto: Árvu/Sametinget

– Dermed må OED oppheve konsesjonsvedtaket først som sist. Det er ikkje behov for å greie ut det spørsmålet, fordi Høgsterett har avgjort at vedtaket er ugyldig, seier ho i pressemeldinga.

Om det skal verte fatta eit nytt konsesjonsvedtak, der riving må vere eitt av alternativa, kan det verte greia ut i etterkant, meiner Muotka.

Ho meiner ein først og fremst må greie ut korleis samane sine menneskerettar skal verte varetekne – ikkje korleis vindkrafta skal kunne halde fram.

– Frå ein menneskerettsleg ståstad er det irrelevant kva kraftbehov ein region har, noko også Høgsterett legg til grunn. Eg observerer at både ministeren og statsministeren brukar eitkvart høve til å seie at dei må balansere viktige omsyn. Eit menneskerettsbrot er likevel eit menneskerettsbrot, og det må ta slutt. Det er det einaste som er relevant i Fosen-saka, avsluttar Muotka.

Oppdatering, 13. mars 2023, klokka 13.55: Saka er utvida med ytterlegare sitat frå olje- og energiminister Terje Aasland og sitat frå sametingspresident Silje Karine Muotka. 


Har du fått med deg desse? 

Les også om siste dag med Fosen-aksjon: – Kjem tilbake om dei ikkje gjer jobben sin

Folk sit framfor Slottet.

Elise Sørensen sit framfor slottet i siste dagen med aksjon mot vindparken på Fosen. Foto: Åshild Slåen