Fosen-saka: «Kvifor er det ingen som stiller mistillitsforslag?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Magnus Rotevatn er fast frilansar og sommarvikar for Framtida.no. Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Kjære stortingsrepresentantar,

Det er ein ting eg slit med å forstå. Dersom nokre av dokker les dette, kan dokker forsøkja å hjelpa meg med å forstå?

Dei siste dagane har modige menneske demonstrert ved Olje- og energidepartementet. Dei demonstrer fordi det enno står vindmøller på Fosen. Dette 500 dagar etter at Høgsterett kom fram til at vindmøllene er i strid med rettane til samane, og konsesjonen som er gjeven er dermed ugyldig.

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) – som arbeider på vegner av Stortinget – har fleire gonger gjenteke at dette utgjer eit pågåande menneskerettsbrot.

Saka burde altså vera klar.

Men nei.

Den utøvande makta – regjeringa – verkar å gje blaffen.

Som om det liksom er frivillig å halda seg til dei andre statsmaktene.

I dette ljoset synest eg det er uforståeleg at Stortinget gjer seg så lite. At dokker ikkje set skapet på plass når regjeringa ikkje tek omsyn til korleis makta deira er avgrensa.

Alle innser at olje- og energiministeren ikkje personleg kunne byrja å skru ned vindmøllene i same augneblink som Høgsterett avsa dommen. At det ville ta noko tid å få på plass ei løysing er naturleg. Det er òg eit visst rom for at vindmøllene kunne bli ståande dersom ein fekk avbøtande tiltak.

Men det har no altså gått 500 dagar, og me veit ikkje eingong om det finst ein plan for korleis menneskerettsbrota skal ta slutt.

Dessutan har både statsminister Støre og olje- og energiminister Aasland framført newspeak – også kalla lygn.

Dei seier at menneskerettsbrotet ikkje er pågåande. Dette har mellom anna NIM forklart at ikkje stemmer.

Like ille som ei regjering som ignorerer Høgsterett og statsrådar som villeiar ålmenta, er korleis dette hindrar forsoning mellom samar og oss som høyrer til majoriteten.

Samisk kultur har blitt forsøkt utsletta før. Me kan ikkje lata det same skje igjen.

Eg reknar med at det har vore kontakt mellom regjeringa og Stortinget – og på tvers av partilinjer – kring denne saka. Og eg veit at mange av dokker er engasjerte og tydeleg har vist motstand mot menneskerettsbrota.

Somme av dokker har også bede om ei utgreiing frå statsministeren.

Men eg synest det er merkeleg at det å be statsministeren forklara seg skal vera i nærleiken av nok.

Det er trass alt det vakraste me har som står på spel.

Det er ikkje ein rettsstat og eit demokrati, dersom lovar og rettar ikkje betyr noko. Korkje samar eller oss andre kan tola dette.

Difor forstår eg verkeleg ikkje at ingen av dokker som er folkevalde seier at sånn kan me ikkje ha det – og at den logiske konsekvensen er at det må bli vedteke mistillit mot regjeringa.

Kvifor er det ingen som stiller mistillitsforslag? Kan dokker hjelpa meg å forstå?

Det er ikkje til å koma bort frå at den parlamentariske saman­setnaden kjem til å vera lik. Ei regjering som blir tvungen til å gå av kan fort koma til å måtta gå på igjen. Men det er uansett viktig at Stortinget syt for at det ei regjering gjer får konsekvensar.

Viss dette ikkje er nok til å setja makta bak krava, kva funksjon har då eigentleg folkevalde?


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Her vert Ella Marie Hætta Isaksen fjerna av Politiet. Foto: Natur og Ungdom