«Revy kan førebyggje einsemd, og revy kan betre vår psykiske helse»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.
Eg elskar revy.
Eg hugsar sjølv at eg sto på Gamlebanken scene på Larsnes og framførte min første sketsj i lokalrevyen. Då var eg 13 år gammal. På den kjente melodien til «Der kjem dampen», song vi for full hals: «Der kjem ferjå, kanskje, dersom den ikkje har fått stans».
Lokalrevyen var ein av dei første gongane eg framførte humor på scenekanten, og lat oss vere ærlege: det er ei god kjensle! Og gode kjensler, dei skal vi ta vare på.
Revyen si rolle
Kva kan samanhengen mellom revy og psykisk helse vere?
Revyen tar tempen på samfunnet, og i revy kan du kødde med alt. Nesten alt.
I revy kan ein tulle med, sette ord på og arbeide med ting som skjer i samfunnet. Med alt det elendige vi er vitne til i verda og i nyheitsbildet, så har vi godt av å kunne sette ting på spissen, le i lag, også av vanskeleg tematikk.
I revy er det er rom for å ha ein lett inngang til tunge tema.
Det er ei frigjerande kjensle å kunne le av noko som i utgangspunktet er bekmørkt. Samstundes som det raskt kan takast heilt ned og som publikum blir ein dratt inn i ei berg-og-dal-bane av reaksjonar. Ein blir så overraska, glad, rørt, sint og trist at ein gløymer alt som er rundt. Å gløyme det som er rundt og la seg rive med, er deilig kjensle og kan gi pause frå det som er kjipt.
Lett inngang til tunge tema
Gjennom podkasten «Ta vare- med Hannah og Oskar» jobbar vi med å ha ein lett inngang til eit tungt tema. Saman med gode rollemodellar for ungdom og unge vaksne snakkar vi om korleis ein best mogleg tar vare på si psykiske helse. Kvar episode tar utgangspunkt i gjestane sine erfaringar rundt psykisk helse. For oss er normalisering det aller viktigaste vi jobbar med, for sjølv om vi snakkar om seriøse tema, så skal det vere rom for å tøyse, fjase og kødde.
Ifølgje StatusUng-rapporten (2022) har over 4 av 5 følt seg einsam i løpet av dei 12 siste månadene, og over halvparten av desse har vore ganske mykje/veldig plaga av einsemdkjensle.
Vidare funn er at det er berre 1 av 3 unge som er nøgd med seg sjølv og tilfreds med livet sitt.
UNG2021-undersøkinga frå Opinion viser at halvparten av dei unge i Noreg held psykisk helse som si viktigaste sak.
I undersøkinga har det også blitt sett på kva unge likar best innhaldsmessig i sosiale medium. Når alt kjem til alt, så trumfar humor det meste, både på ekte, og i sosiale medium. Her ligg det ei god moglegheit for å kunne prege den altoppslukande scrollinga, og å legge til rette for at den inneheld godt innhald om viktige tematikkar som psykisk helse, men også om REVY!
Tilhøyrsle
Humor er eit bra verkemiddel for å avvæpne og avmystifisere ting som kan vere vanskeleg å prate om. For meg koker samanhengen mellom revy og psykisk helse ned til eit ord: TILHØYRSLE.
Psykolog Maria Østhassel skriv i boka Psykt Deg om på kor viktig kjensla av tilhøyrsle er for ei god psykisk helse.
Alt vi vil er å føle tilhøyrsle og aksept. Å føle seg verdifull og som ein del av eit fellesskap. Alt vi vil er å ha folk rundt oss som spelar oss gode, og som vi kan spele gode.
Å sette søkelyset på verdien av fellesskap og tilhøyrsle er kanskje spesielt viktig når tala på einsemd er så høge som dei er no.
I tillegg vert den psykiske helsa vår prega av opplevingar av meistring, sjølvkjensla, gode relasjonar og anerkjenning.
Å arbeide saman
Alt dette kan du få ved å lage revy!
Å arbeide saman om noko, vere kreativ, stå på ei scene, spele kvarandre gode osb. Ikkje minst vil eg trekke fram ein av hovudstyrkane til revyen, nemleg verdien av å leike seg, ha det gøy og kunne drite seg ut. Drite seg ut i lag med andre, og drite seg ut åleine.
Ein må drite seg meir ut rett og slett. Å tørre å drite seg ut, handlar om å sleppe taket, senke skuldrene og ikkje la «styggen på ryggen» ta overhand. Det trur eg er godt for vår psykiske helse.
I samband med innlegget eg heldt på Revykonferansen i 2022, kontakta eg ein revyskodespelar for å høyre om ho tenkte at revy var godt for vår psykiske helse. Ho er student i Oslo, og svarte følgjande:
– Revy er kjempegodt for den psykiske helsa fordi ein får rom til å leike og tulle, og det er så få arenaer ein kan gjere det på i vaksenlivet. Den vekentlege revyøvinga er det viktigaste eg gjer for hovudet mitt, der får eg utløp for all mi rastløyse, dei kreative ideane og påfunna som ikkje passar inn i det «seriøse» eg driv med elles. Ikkje minst er samhaldet og vennskapa godt for helsa, det å skape noko i lag med ein gjeng og få vise det fram til et publikum er det morosamaste eg nokon gong har gjort. Alle vaksne burde leike, det er mitt råd.
– Revyskodespelar, student
Denne studenten har verkeleg forstått det folkens. Det handlar om tilhøyrsle.
Revy kan førebyggje einsemd, og revy kan betre vår psykiske helse. Det handlar om å jakte den gode kjensla. Vi er alle forskjellige, og vi får den gode kjensla i kroppen på forskjellige måtar. Det som fungerer for deg, er ikkje sikkert at fungerer for meg. Det er ikkje sikkert alle menneske i verda har godt av å spele revy – men dei aller fleste må vel ha godt av det eller?
Det er deilig å kjenne på at vi er forskjellige, og det er deilig å jakte den gode kjensla! For meg, så får eg den gode kjensla av å stå på scena, og av å gjere REVY.
Revy si hovudoppgåve er ikkje å førebyggje psykisk vanhelse, men du får det jammen med på kjøpet likevel!
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!
Les også: «På tide at Ex on the Beach Norge tek samfunnsansvaret sitt på alvor»