«Kva er det vi gratulerer kvarandre for den 8. mars?»

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 04.07.2023 15:07

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Medan eg prokrastinerte i går, kom eg over ein Instagram-post som sa at det hadde vore fint om vi ikkje gratulerer kvarandre i dag. Eg vart nysgjerrig og klikka på «meir». 

Kva er det vi gratulerer kvarandre for den 8. mars?

Seier vi gratulerer for at vi framleis kjempar for å vere likestilt med mannen? Gratulerer med uretten? Gratulerer med glastaket? Gratulerer med patroniseringa? Objektivisering? Diskriminering? Gratulerer med valden? Gratulerer med valdtekt? Stille? Frykt? 

Sjukt å tenkje på

Ja, vi kan vere takksame for det kvinner og menn før oss har kjempa fram av rettar.

Men om utgangspunktet er at menn og kvinner skal vere likestilte, at vi skal bli tatt på alvor i like stor grad, at vi skal kjenne oss like trygge, at vi skal bli stilt dei same forventningane, at vi skal ha lik rett på verdige liv, at vi skal få like god helsehjelp, så har vi ikkje noko å gratulere kvarandre for.

Ikkje endå.

Heller ikkje her i Noreg.

Og det er heilt sjukt å tenkje på.

Det er ei fattig trøyst

Eg har alltid gratulert kvinner med dagen den 8. mars, og mest sannsynleg gjer eg det i dag og. Truleg mest av gammal vane. Men det er ei fattig trøyst å ha ein dag der vi seier gratulerer til kvarandre, når kvinner tener dårlegare enn mannen.

Når altfor mange føler dei må ha nøkkelknippe klart som knivar mellom knokane når dei går heim på kvelden.

Når mange kvinner bruker mykje tid, tankar og energi på å nå sjuke skjønnheitsideal, i staden for å bruke dette på å dyrke eigne interesser eller ferdigheiter.

Når 1 av 5 norske kvinner har vorte valdtatt, men vi framleis ikkje har ei samtykkelov.

Når kvinnekroppen tydelegvis er open for politiske vedtak.

Når mensen framleis er tabu.

Når fødetilboda blir dårlegare.

Når allmennlegane ikkje kjenner til, eller har god nok kunnskap om, sjukdommar som rammer kvinner.

Når dei fleste trur at overgangsalderen berre betyr å miste mensen og å ha litt hetetokter.

Når det ikkje er like akseptabelt at ei kvinne viser teikn til aldring, som ein mann.

Når små jenter skal bli prinsesser, medan gutane skal bli supermenn.

Når kvinner som er utsette for vald blir mistenkeleggjort.

Når kvinnekroppen er eit seksualisert objekt og ikkje berre kropp.

Det einaste eg ønskjer meg

Det einaste eg ønskjer meg er at min utsjånad, om eg barberer meg eller ikkje, om eg sminkar meg eller ikkje, kva kle eg brukar, og kva storleik desse er i, er ei privatsak.

At kroppen min er min, og at eg bestemmer over han.

At eg blir trudd om eg skulle bli eit offer for noka form for trakassering eller vald.

At eg kan kjenne meg fri og trygg uansett kvar eg er og kva klokka er.

At om eg blir gravid, så er det mitt eige val om eg vil bli mor. Og om eg ønskjer dette, at eg blir godt tatt vare på både før, under og etter fødsel.

At eg får lov til å bli eldre og å vise teikn til aldring, utan at samfunnet skal be meg om å bli ung igjen.

At legen veit kva som plagar meg, sjølv om det skulle vere noko som berre rammer kvinner.

At dette bli verkelegheita for alle kvinner. I alle land.

Eg synest ikkje dette er mykje å be om, og eg skulle ønskje det allereie var slik. Det hadde vore veldig fint. Og om det hadde vore slik heile tida, sidan før eg vart født, hadde det spart meg for mange tårer, ubehagelege opplevingar, og mykje sinne og sorg.

Klemme og grine

I dag kjem eg nok til å seie gratulerer med dagen til kvinnene i livet mitt. Både av gammal vane, men og fordi eg ikkje veit heilt kva eg skal seie i staden for å markere dagen. Det er fint at vi har ein dag, sjølv om vi burde ha hatt så mykje meir. Eg skal klemme kvinnene i livet mitt, og seie at eg er glade i dei. Eg skal sørge over urett og ubehag. Eg skal grine. Eg skal vere sint. Og eg skal tenkje på korleis eg skulle ønskje verda vår var, og korleis eg kan bidra i denne retninga.

God kampdag alle kvinner, og til alle de som står med oss.

Ein dag skal vi vere likestilte.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også innlegget: «Det er på høg tid med ei samtykkelov som definerer valdtekt som sex utan samtykke»

Adele Johanne Mathisen (19) er kvinnepolitisk talsperson i Vestfold SV. Illustrasjonsfoto/kollasj av Framtida.no. Foto: Scott GrahamUnsplash og Privat