«Det er på høg tid med ei samtykkelov som definerer valdtekt som sex utan samtykke»

Adele Johanne Mathisen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Måndag 19. desember overleverte Straffelovrådet si utgreiing og gjennomgang av seksuallovbrot innanfor straffeloven, der dei føreslår fleire omfattande endringar. Leiar av rådet Linda Gröning, grunngjev forslaga deira med ein intensjon om at dei føreslåtte endringane vil styrke vernet av den seksuelle sjølvbestemmingsretten for både vaksne og barn. 

Vidare vert det hevda at rådets utgangspunkt har vore i retten til seksuell sjølvbestemming og at seksuell samhandling må byggast på frivilligdom for å ikkje vere krenkande. Rådets mandat skal sjå til utviklinga i dei nordiske landa og tillegge manglande samtykke større vekt ved utforminga av definisjonen av valdtekt. Samstundes som dei skal vurdere alternativ til ein samtykkebasert valdtektsdefinisjon.

Rådet legg fram fleire ulike forslag som gjer meg som ung kvinne uroa for prioriteringa av kvinners reelle rettstryggleik og kva forståing dei sit inne med av kor viktig samtykke er.

Rådet legg fram fleire ulike forslag som gjer meg som ung kvinne uroa for prioriteringa av kvinners reelle rettstryggleik

Eit av Straffelovrådets forslag er å føreslå ei ny føresegn inn i straffelova. Sjølv trur eg ikkje at eg har vore åleine i håpet om at Straffelovrådet skulle kome med eit forslag om ei ny fråsegn som skulle likne ei ny samtykkelov. Forslaget som ligg føre no er eit steg i riktig retning, men ei vag framstilling av noko som kan tolkast til ei samtykkelov.

I dag seier norsk straffelov jf. §291 at om det skal leggast til grunn at det har skjedd ei valdtekt så må det ha vore «vold eller truende atferd» eller personen må ha vore «bevisstløs eller av andre grunner ute av stand til å motsette seg handlingen».

Forslaget Straffelovrådet legg fram er å legge til ei ny føresegn som vil ramme den som «har seksuell omgang med noen som ikke vil det og som gir uttrykk for dette i ord eller handling»

Sjølv er eg uroa over store delar av strafferådets formuleringar og forslag. Om målet er å styrke vernet av den seksuelle sjølvråderetten, reagerer eg på fokuset deira.

Noreg er det einaste landet i Skandinavia utan ei reell samtykkelov som etablerer at samtykke og frivillegheit er eit nødvendig vonde. FN sin menneskerettskomite tilrår Noreg å endre sin definisjon av valdtekt i straffelova.

Vidare stadfestar Istanbul-konvensjonen at valdtekt burde definerast basert på «manglande samtykke» i staden for bevis på bruk av makt. 

Valdtekt er eit samfunnsproblem og tek frå jenter og kvinner reell makt over eigen kropp og liv. I Noreg opplever kvar tiande kvinne å bli valdteken i løpet av livet, om lag halvparten av desse er jenter før fylte 18 år.

Straffelovrådets forslag kan sikre rettstryggleik for fleire kvinner enn tidlegare, då å seie «nei», «vil ikkje» og «slutt» no vil kunne gå rettens veg og ikkje bli lagt bort slik som straffelova §291 no tilseier. Dette er eit steg i riktig retning.

Å seie «nei», «vil ikkje» og «slutt» vil no kunne gå rettens veg og ikkje bli lagt bort

Samstundes viser ein svensk studie at heile 70 prosent av kvinnene på eit overgrepsmottak som hadde vore utsette for valdtekt, opplevde å vere paralysert under overgrepet. Dette vert kalla for tonisk immobilitet og er eit overlevingsinstinkt. Straffelova burde difor ikkje byggast rundt at samtykke til sex er gjeve så lenge ein ikkje aktivt motset seg handlinga. Dette er ei farleg tru som ikkje tek høgd for overgrepsutsette sine reelle opplevingar og nyare forsking. 

Det er på høg tid med ei samtykkelov som definerer valdtekt som sex utan samtykke. Det er skuffande at utgreiinga ikkje tek kvinners rettstryggleik på alvor, difor er eg stolt av å tilhøyre SV som har fremja forslaget om samtykkelov gjentekne gonger.

Eg håpar no at Straffelovrådet sitt forslag vil møte tydelege krav frå andre parti og organisasjonar ute på høyringsrunde. Det er på tide at regjeringa står fast ved Hurdalsplattforma og legg fram eit reelt forslag til ei ordentleg samtykkelov som faktisk heng på greip med korleis valdtekt vanlegvis skjer. 


Juni Sletten Sætervik vann skrivekonkurransen om håp for framtida. Foto: privat