Justisministeren lovar samtykkelov etter sjokkrapport om valdtekt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) var til stades då Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS) la fram studien som viser at ein av fem norske kvinner har opplevd å bli valdteken. Kartlegginga omfattar fleire ulike former for vald og overgrep, men viser at kvinner er i særstilling mest utsett for å ha blitt valdtekne.

Sjølv forskarane bak studien omtaler resultatet som oppsiktsvekkjande. Då dei tok med dei som sa dei hadde opplevd seksuelle overgrep før dei var 13 år gamle, auka talet på kvinner som sa dei hadde vorte valdtekne minst ein gong i livet, til 23 prosent.

– Dette er sterke tal. Vi må gjere kraftfulle tiltak mot vald og overgrep i Noreg, seier Mehl til NTB.

– Vi vil leggje fram ei samtykkelov. Vi vil endre valdtektsregelen i straffelova slik at det kjem tydelegare fram at det ikkje er lov å liggje med nokon som ikkje har samtykka til det. Eit nei skal vere eit nei. Når vi ser på denne statistikken at mange av valdtektene som skjer er sovevaldtekter eller knytt til rus, tek eg det veldig alvorleg, og derfor blir også samtykkelova viktig, seier Mehl vidare.

– Eit slag i magen

Regjeringa har i Hurdalsplattforma varsla at dei vil foreslå ei samtykkelov, men har så langt ikkje sagt noko om når ho vil komme. For to veker sidan sette Mehl ned eit eige valdtektsutval som skal sjå på konsekvensane av valdtekt.

Den 13. april er det høyringsfrist for forslaget frå Straffelovrådet som like før jul leverte utgreiinga si. Der er det ikkje foreslått ei eksplisitt samtykkelov. Rådet går derimot inn for ei tilpassing av lova om valdtekt i dag som også omfattar eit verbalt eller fysisk uttrykk om samtykke til sex.

Dette forslaget har fleire reagert på, mellom anna Amnesty som meiner Noreg vil ende opp med ei straffelov som ikkje eintydig fastslår at seksuell omgang utan samtykke er valdtekt.

– Tala frå NKVTS i dag er eit slag i magen for likestillingslandet Noreg. Det som er endå meir graverande, er at den nye undersøkinga berre tek for seg tilfelle som blir rekna som valdtekt etter dagens lov. Hadde vi hatt ei samtykkelov i Noreg, ville tala vore endå høgare, seier fagrådsgivar Patricia Kaatee i Amnesty.

– Det er på høg tid å få ei lov som tydeleg fastslår at den som teier, ikkje samtykkjer. Begge må delta frivillig og samtykkje til seksuell omgang, viss ikkje er det valdtekt, seier Kaatee.

Krev samtykkelov

SV meiner tala viser at det er på høg tid at noko må gjerast. Justispolitisk talsperson Andreas Sjalg Unneland vil ha ein krisepakke om valdtekt.

– Denne rapporten understrekar at valdtekt er eit samfunnsproblem, og derfor treng vi ei god samtykkelov som gjer lovverket tydeleg og bidreg til å styrkje den preventive effekten i lova, seier Unneland.

Andreas Sjalg Unneland frå SV. Foto: Bente Kjøllesdal

Også Miljøpartiet Dei Grøne etterlyser samtykkelova. Stortingsrepresentant Rasmus Hansson seier opplysningane i den nye undersøkinga, som også har med sovevaldtekter, gjer det endå tydelege kvifor det må komme eit krav om eksplisitt samtykke i lovverket.

– Ingen gutar eller menn skal tru det er greitt, berre fordi kvinna ikkje protesterer. Vi kan ikkje ha ei undersøking til med sånne tal. Svaret er opplagt, det er ei samtykkelov som gjer det heilt klart at berre eit ja er eit ja. Alt anna er overgrep. Lova må komme omgåande, seier Hansson.

Ikkje eiga samtykkelov

Høgre meiner derimot at forslaget til lovendring frå Straffelovrådet, som i si tid vart sett ned av dåverande justisminister Monica Mæland (H), er tilstrekkeleg og vil sikre krav til samtykke i forkant av seksuelle handlingar.

– I utgreiinga som er på høyring, er det gode forslag til justeringar i lovverket som vi i Høgre meiner er fornuftige, seier justispolitisk talsmann Sveinung Stensland i Høgre til NTB.

Han etterlyser også ein diskusjon om haldningar til grensesetting og respekt for kvarandre.

– Det verkar som om det er nokon grenser som er fjerna, og at foreldra har overlate for mykje ansvaret for oppsedinga til andre, seier Stensland.

Valdens prislapp

Undersøkinga frå NKVTS er ein stor kartleggingsstudie som også klart viser at det er samanheng mellom kven som blir utsett for vald og overgrep, og utdanningsnivå, levevilkår og andre sosioøkonomiske faktorar.

Dei som blir utsette for vald og overgrep som barn, har også større risiko for å bli utsette for valdtekt og vald i vaksen alder.

Onsdag vil Mehl få overlevert ein studie av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av vald i nære relasjonar. Forskarane frå Menon Economics har talfesta at vald i nære relasjonar utgjorde 92,7 milliardar kroner i 2021.


Alberte Tennøe Bekkhus, leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen