Politikk og samfunn

«USAs bistandskutt vil få fatale konsekvensar for kvinner»

Noreg må auke bistandsmidlane, slik at fleire får tilgang til helsehjelpa dei treng, skriv Katarina Eisenstein i Changemaker.

Katarina Eisenstein (26)
Medlem i Changemakers politiske utval for global helse
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Denne månaden markerte vi kvinnedagen, og gjekk i tog for dei mange kampane som står att. Ein av kampane er lik tilgang til helsetenester for kvinner globalt.

Dette er eit tema som omfattar mykje: det er lengre prosessar med endring i forsking, men det er også spørsmål om bistand; tiltak vi kan setje i gang her og no.

Dei siste vekene har vi høyrt om tøffare fordeling av ressursar, og at fleire land vil gjennomføre bistandskutt til fordel for opprusting. I økonomiske diskusjonar og overhengande frykt for krig, er det viktig å arbeide for saker der vi kan gjere ein positiv forskjell på kort og lang sikt.

For både i krigssituasjonar og i land elles ser vi at mange manglar tilgang til grunnleggjande helsetenester, og at dette rammar kvinner i spesielt stor grad.

Bistandsfrys rammar kvinner

Noko vi med sikkerheit kan seie om den usikre tida vi lever, er at for mange menneske blir vondt gjort verre av mangel på nødvendig helsehjelp. Døma er hjarteskjerande, og dei er mange. Ein rapport frå Gaza trekkjer fram kvinner som spesielt sårbare under krigen, med mindre tilgang til nødvendig helsehjelp i samband med graviditet og andre sjukdommar.

Det er heller ikkje berre i krigsherja land eller område at tilgang til helsehjelp har vorte meir avgrensa. Etter at Donald Trump vart innsett som USAs president i januar, innførte han ein 90-dagars frysperiode på alle utanlandske bistandsmiddel. Det er usikkert korleis amerikansk bistand vil sjå ut når denne 90-dagars perioden er omme, men det er allereie fleire program som er kutta, og sannsynlegvis fleire som vil bli det.

USAs bistandskutt vil få tydeleg og store, og i nokre tilfelle fatale, konsekvensar for kvinner. Dersom fryseperioden varer i alle 90 dagane, blir det estimert at minst 8000 kvinner vil døy som følgje av graviditets- og fødselskomplikasjonar i den same perioden. Guttmacher-instituttet, som forskar på seksuell og reproduktiv helse, estimerer at det i denne perioden åleine vil finnast 4,2 millionar uønskte graviditetar. Fleire helseklinikkar blir stengde, og færre får helsehjelpa dei treng.

Store konsekvensar

Sjølv om vi klargjer ulik tilgang på helsehjelp i samband med kvinnedagen, er det klart at det påverkar alle i samfunna det gjeld, frå barn til eldre.

Avgrensa tilgang til helsetenester for kvinner har ringverknader til både familiane deira og lokalsamfunna. I Gaza som i Vestbreidda ser ein konsekvensar av dette ved at kvinner er mindre i stand til å ta vare på og brødfø familien, og dessutan at det bidreg til auka sårbarheit for helseutfordringar for familien samla sett. I eit samfunnsperspektiv ser ein at mangelen på tilgang til helsetenester også kan avgrense kvinners høve til å delta i arbeidslivet, som igjen påverkar eit samfunn produksjonen og økonomien sin.

Ved å auke tilgang til helsetenester globalt, bidreg ein til tryggare og meir stabile familieliv og oppvekstvilkår, men ein bidreg også til lokalsamfunnet rundt.

Noreg kan gjere meir

Noreg gjer allereie mykje bra for global helse. 1 prosent av bruttonasjonalprodukt er sett av til bistand i 2025, og dette betyr viktig hjelp på ei rekkje område til mange menneske, inkludert større tilgang til helsetenester.

Men i ei tid prega av uvisse, krig og tidvis ei kjensle av å leve i ein dystopisk realitet, er det viktig å erkjenne at Noreg faktisk kan gjere meir. Det vil ha enorm betydning for menneska det gjeld og samfunna dei lever i.

Derfor meiner Changemaker at Noreg må auke bistandsmidlane, slik at fleire får tilgang til helsehjelpa dei treng, slik at fleire barn blir fødde under tryggare omstende, og færre døyr av lidingar som det faktisk finst ein kur mot.