Studie: Kvinnelege ungdomspolitikarar har mindre lyst til å bli ordførarar og statsminister
Kvinnelege ungdomspolitikarar lèt seg mindre enn dei mannlege kollegaene sine freiste av verv som statsminister, ordførar og lokalpolitikar, viser studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Studien viser at kvinnene i mindre grad vil ha verv som statsminister, stortingsrepresentant, ordførar og lokalpolitikar. Men vi finn ikkje kjønnsforskjellar når det gjeld utnemning til verv som politisk rådgivar eller tilsett i partiet.
Det seier førsteamanuensis Kristoffer Kolltveit ved Institutt for statsvitskap til Kommunal Rapport.
Politiske ambisjonar
Han har sidan 2019 saman med valforskar Bernt Aardal forska på ungdomspolitikarar for å sjå på karrierane i samanheng med politiske ambisjonar.
Studien er publisert i European Journal of Politics and Gender.
Truslar og hets?
Undersøkinga svarer ikkje på kva som er årsaka til kjønnsforskjellane, men Kolltveit ser ikkje bort frå at kvinner i større grad enn menn fryktar at ei synleg, politisk stilling fører med seg truslar, hets og trakassering.
– Det er ikkje det at kvinner ikkje vil jobbe med politikk, men dei ønskjer ikkje dei mest utsette stillingane. Ein kan då spekulere på om det skuldast truslar og hets, seier han.