Vekas viktigaste: Fosen-aksjonar, sjokkrapport og TikTok-forbod

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei veke med aksjon ved Olje- og energidepartementet

Ella Marie Hætta Isaksen framfor Olje- og energidepartementet. Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr

Demonstrantar har aksjonert mot vindturbinane på Fosen i over ei veke no, først i lobbyen til Olje- og energidepartementet, så ved å stenge inngangen til forskjellige departement.

Aksjonen starta 23. februar. Då var det 500 dagar sidan Høgsterett slo fast at vindturbinane på Fosen bryt med urfolkrettane til samar. Området var før vinterbeite til rein, men kan ikkje lenger brukast til det på grunn av vindturbinane. Kravet frå dei som aksjonerer er at staten må fjerne vindparken.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har sagt at regjeringa har fullt fokus på å få til mildnande tiltak.

Førebels har ikkje statsministeren sagt noko om at det er aktuelt å fjerne vindparken.


Alvorleg togulukke i Hellas

Tog av skinnene.

Frå togulukke ved Larissa i Hellas. Foto: AP Photo/Vaggelis Kousioras

Natt til onsdag kolliderte eit godstog og eit passasjertog ved Larissa i Hellas. Minst 43 personar er stadfesta omkomne etter ulukka og over 80 personar er skada. Det skal ha vore rundt 350 personar om bord i passasjertoget.

Dette er den verste togulukka i Hellas på over 50 år. Den greske statsministeren Kyriakos Mitsotaki har kalla ulukka for ei «tragisk menneskeleg svikt».

Samferdselsminister Kostas Karamanlis har gått av, og fire personar er arrestert i samband med ulukka, blant anna stasjonssjefen i Larissa.

På torsdag gjekk greske jernbanearbeidarar ut i ein 24-timars streik. Streiken er ifølgje NTB ein protest mot at fleire regjeringar har neglisjert jernbana.


Nesten 1 av 4 kvinner har blitt valdteken seier ny rapport

Illustrasjon Canva

Tysdag leverte Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS) ein rapport om vald og overgrep i Noreg til justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

5000 personar har svart på undersøkinga, og 22 prosent av kvinner og 3 prosent av menn seier dei har blitt valdtekne minst ein gong i livet.

Nokre av tala frå undersøkinga:

  • 1 av 10 personar har opplevd meir enn ein type vald.
  • 1 av 4 personar har opplevd minst ein alvorleg type vald i barndommen
  • 1 av 3 har opplevd ei alvorleg valdshending som vaksen
  • 11 prosent av kvinner og 4 prosent av menn har opplevd alvorleg fysisk vald frå partnar

Justisministeren seier at det er trist at vald og overgrep er så vanleg i Noreg. Ho lovar at dei skal trappe opp innsatsen, og arbeide med både førebyggjande tiltak og korleis rettsvesenet og helsevesenet følgjer opp slike hendingar.


Skuldingar om valfusk i Nigeria

Laurdag stemte nigerianarar over kven som skulle bli den nye presidenten i landet. Nigeria er det mest folkerike landet i Afrika, og det var mykje spenning knytt til valet. Det var ikkje før onsdag at det vart klart at regjeringspartiet APC sin kandidat, Bola Tinubu, skal ha vunne valet.

Opposisjonen, det nigerianske arbeidarpartiet, har sagt at dei kjem til å bestride valet. Dei meiner det var omfattande valfusk, og viser blant anna til kor lenge det tok å telje opp stemmene.

Observatørar frå EU har skulda valkommisjonen i landet for dårleg planlegging og manglande innsyn under sjølve oppteljinga. Likevel seier dei at dei 87 millionar personane som hadde rett til det, fekk stemme fritt.


Tilsette ved EU-parlamentet får ikkje ha TikTok på tenestetelefonen

EU-parlamentet forklarte tysdag at forbodet kjem på grunn av tryggleiksomsyn. I tillegg til å forby TikTok på tenestetelefonane, kan tilsette ikkje installere appen på privat utstyr som også har e-postsystemet eller nettverket til parlamentet installert.

EU-parlamentet er det siste i ei rekke arbeidsplassar som har kome ut med forbod mot TikTok. Regjeringstilsette i USA og Canada har fått forbod mot appen, og i Noreg har det vore debatt rundt spesielt justisministeren sin bruk av TikTok.

Grunnen til at appen blir rekna som usikker, er blant anna fordi han er eigd av eit kinesisk selskap. Sidan appen hentar inn mykje informasjon som ikkje er nødvendig for å drive appen, er fleire arbeidsgjevarar opptekne av å sikre sensitiv informasjon som dei ikkje vil at andre skal vite.


✨Vekas lyspunkt✨: Mia Brookes blir yngste verdsmeister i snowboard

Mia Brookes løfta opp med eit britisk flagg.

Foto: Skjermdump frå Instagram @mia_brookes

På måndag vart britiske Mia Brookes (16) den yngste verdsmeisteren nokosinne i slopestyle på snowboard i VM i Bakuriani i Georgia. Brookes var for ung til å delta i vinter-OL i fjor, men kunne vise fram fleire triks i meisterskapet denne veka.

Ho klarte blant anna, som fyrste kvinne, å gjennomføre eit 1440 triks, med fire rotasjonar i lufta. Det fekk ho 91,38 poeng for, som sikra henne sigeren.

På herresida sikra Marcus Kleveland norsk gull i slopestyle med 87,23 poeng.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt!