Støre seier ikkje unnskyld til samane, men seier situasjonen på Fosen er beklageleg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Demonstrasjonane for å få fjerna vindturbinane på Fosen heldt fram onsdag. Statsminister Jonas Gahr Støre erkjenner at rettane til urfolk har vorte krenkte.

Onsdag kravde sametingspresident Silje Marie Mutoka ei unnskyldning frå statsministeren då ho heldt ein appell i Oslo.

På spørsmål frå NTB om kvifor er det så vanskeleg for regjeringa å seie unnskyld for menneskerettsbrot, svarer Støre slik:

– La meg seie at det er beklageleg at vi har komme dit at vi har eit urfolk som opplever at rettane deira er krenkte. Det har Høgsterett slått fast, og det tek vi på største alvor, seier Støre til NTB.

Demonstrantane har tydeleg gitt uttrykk for at dei berre vil prate med statsministeren og ikkje olje- og energiministeren om den pågåande situasjonen.

Ida Helene Benoisen, Ella Marie Hætta Isaksen og Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver.

Ida Helene Benoisen snakkar til demonstrantar saman med artist og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen og Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver. Foto: Edith Meek Allern

Støre: – Beklageleg at det er sånn

– Både eg, Terje Aasland og resten av regjeringa er opptekne av dialog på ein ryddig måte. Høgsterett fastslår at konsesjonen slik han er gitt, fører til ei krenking av urfolks rettar. Det er alvorleg, og det er beklageleg at det er sånn, erkjenner statsministeren.

Støre understrekar at han har forståing for dei pågåande demonstrasjonane og påpeikar at tryggleiken er eit viktig aspekt under demonstrasjonen.

– Eg har forståing og respekt for at ein demonstrerer mot det ein er usamd om, så meiner eg det må skje innanfor dei rammene som lov og orden set. Det har politiet og dei som har ansvar for tryggleiken, ansvaret for å sjå til at blir gjort.

Ønskjer ei løysing

På spørsmål om kva Støre trur inntrykket internasjonalt blir etter bileta av Greta Thunberg som blir boren bort i Noreg, så svarer han at «sånn er demokratiet».

– Det er lovleg å demonstrere i Noreg, samtidig har dei som har ansvaret for tryggleiken, eit ansvar for å sørgje for at han er vareteken, svarer han.

Den verdskjente klimaaktivisten Greta Thunberg har deltatt i demonstrasjonane dei siste dagane, og onsdag blei ho boren vekk av politiet to gonger. – Det er lovleg å demonstrere i Noreg, samtidig har dei som har ansvaret for tryggleiken, eit ansvar for å sørge for at han er varetatt, seier Støre om bildet. Foto: Alf Simensen / NTB / NPK

Høgsterett-dommen understrekar at utan mildnande tiltak vil vindturbinane på Fosen vere eit brot på rettane urfolk har. Dei mildnande tiltaka meiner Støre at regjeringa har fullt fokus på.

– Demonstrasjonane er eit uttrykk for ein situasjon vi ønskjer å komme ut av. For det er heilt openbert at det trengst mildnande tiltak på Fosen for å vere i tråd med det som er forpliktingane våre overfor urfolk. Det arbeider vi med, og utolmodet er stor, det er eg klar over, og det er han også hos oss.


Elle Nystad er leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund (NSR-N). Foto: Edith Meek Allern