Greta Thunberg boren bort saman med andre Fosen-aktivistar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fosen-aksjonen veks dag for dag, og onsdag sperra aksjonistane inngangane til Finansdepartementet, Olje- og energidepartementet, Klima- og miljødepartementet og Næringsdepartementet.

– Vi har sagt at vi stengjer ned staten Noreg, departement etter departement. Det som gjer at kampviljen aukar, er å sjå kor mange folk som sluttar seg til aksjonen. Det kjem folk reisande frå heile landet, frå utlandet, over heile Sápmi – så vi er fleire og fleire som står saman om dette, seier artist og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen til NRK.

Ella Marie Hætta Isaksen framfor Olje- og energidepartementet. Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr

Etter å ha nekta å rette seg etter pålegget til politiet om å fjerne seg, vart aksjonistane utanfor Finansdepartementet fjerna med makt like etter klokka 9.40.

Blant dei var klimaaktivist Greta Thunberg, som forlét området utan å snakke med pressa. Isaksen seier til NTB at det var fint å vere vitne til ein historisk augneblink då Thunberg vart boren bort medan ho kjempa for samiske rettar.

DSS: oppteke av å leggje til rette for demonstrantane

Tidlegare onsdag fjerna politiet demonstrantar som sperra inngangane ved Nærings- og fiskeridepartementet.

Dette skjedde etter at politiet fekk oppmoding frå Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) om å fjerne demonstrantane.

– Fokuset vårt er å sørgje for at departementa får halde oppe dei samfunnskritiske funksjonane sine, gjennom å vareta nødvendig tryggleik og tilgang til departementa. Samtidig som vi er opptekne av å leggje til rette for at demonstrantane får ytre bodskapen sin, seier presseansvarleg i DSS, Liv Nodeland, til NTB.

Ho seier dei vurderer tryggleiken fortløpande og varetek han gjennom ulike tiltak.

– Verkar ikkje som Støre forstår alvoret

Aksjonen, som starta torsdag førre veke, har mellom anna ført til at olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) droppar ein planlagd tur til Storbritannia. Tysdag tok Aasland initiativ til eit møte med demonstrantane, noko aksjonistane avslo. Dei vil heller møte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Olje- og energiminister Terje Aasland har avlyst eit utanlandsbesøk grunna Fosen-aksjonen. Her er han til stades utanfor OED. Foto: Jørgen Næss Karlsen/Natur og Ungdom

– Vi er ikkje interesserte i å snakke med Aasland. Om det er nokon ein skal prate med, er det Støre. Krava våre er som dei alltid har vore, seier Isaksen.

– Akkurat no verkar det som om verken Aasland eller Støre er i nærleiken av å forstå alvoret av denne aksjonen.

Tysdag sa leiar i NSR-N Elle Nystad at Aasland har hatt 505 dagar på seg til å følgje opp høgsterettsdommen om Fosen, og at dei har mista tilliten til olje- og energiministeren.

– Saka blir meir og meir alvorleg

Høgsterett fastslo at 151 vindturbinar på Fosenhalvøya i Trøndelag er ulovlege utan mildnande tiltak.

– For kvar dag som går, blir denne saka meir og meir alvorleg fordi menneskerettsbrotet ikkje stansar, seier Isaksen til NTB.

Måndag sa statsministeren til NTB at han er oppteken av ein tett og god dialog mellom samane og regjeringa.

– Høgsterett har ikkje teke stilling til kva som skal skje med dei to vindkraftverka som i dag leverer ei stor mengd kraft til Midt-Noreg. Det krev grundige utgreiingar for å komme opp med løysingar på denne saka, og det ønskjer regjeringa å gjennomføre i god forståing med reindrifta og Sametinget, sa Støre.


Elle Nystad er leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund (NSR-N). Foto: Edith Meek Allern