Opposisjonen ber regjeringa få ut fingeren – fleire meiner vindmøllene på Fosen må rivast

Opposisjonen på Stortinget meiner regjeringa har brukt altfor lang tid på avgjere lagnaden til Fosen-turbinane. MDG, SV og Raudt meiner vindmøllene må ned.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi tok til orde for at dei burde rivast så fort dommen fall. Kvar dag som går utan at dommen blir teken til følgje, er ein ny dag Noreg bryt menneskerettane, seier Kristoffer Robin Haug i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) til NTB.

Samiske aktivistar leidde tysdag på sjette dagen an i protestane mot at det no er gått over 500 dagar sidan Høgsterett fastslo at 151 vindturbinar på Fosenhalvøya i Trøndelag er ulovlege utan mildnande tiltak. Ifølgje NTBs reporter deltok nokre hundre aktivistar i urfolksdemonstrasjonen i regjeringskvartalet.

Vedtaket om konsesjon til utbygging av vindkraftanlegga Storheia og Roan er ugyldig. Utbygginga krenkjer retten reindriftssamane har til kulturutøving etter FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27, ifølgje Høgsterett.

Lars Haltbrekken, Sosialistisk Venstreparti, Sør-Trøndelag

– Dommen slår fast at dei samiske menneskerettane blir brotne som følgje av utbygginga. Då meiner vi at vindkraftanlegga må bort og området blir ført tilbake til naturen, seier energi- og miljøpolitiske talsperson Lars Haltbrekken i SV til NTB.

Raudt vil rive

Han meiner det reelt sett ikkje er noko alternativ til å rive vindmøllene, og hevdar det er prøvd å finne mildnande tiltak «i det vide og breie tidlegare» – utan at ein klarte å unngå menneskerettsbrot.

– Det regjeringa må setje i gang no, er ei utgreiing om korleis turbinane kan rivast og området blir ført tilbake til naturen, seier han.

SV – den fremste samarbeidspartnaren til regjeringa og føretrekte budsjettkamerat – har allereie varsla at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil bli kalla inn til Stortinget og kravd ei forklaring om kva regjeringa gjer.

Raudt meiner at den einaste logiske konsekvensen av høgsterettsdommen er å rive turbinane som hindrar reinbeite:

– Dei må ta ned turbinane. Dei har hatt over 500 dagar på seg til å gjere dette, seier stortingsrepresentant Sofie Marhaug for Raudt.

Regjeringa vi halde fram

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) vil ha eit nytt forvaltningsvedtak slik at vindkraft og reindrift kan leve side om side på Fosen. Departementet sende eit utkast til utgreiingsprogram til Sametinget og reindrifta i september i fjor, rundt elleve månader etter at Høgsterett avsa sin dom, og ventar framleis på eit grunnlag å konkludere på, ifølgje statsråden.

– Vi må ha eit utgreiingsprogram på plass, og det har vi prøvd å få til saman med Sametinget og reindriftsnæringa. Det har vore vanskeleg og teke tid. No skal eg møte sametingspresidenten på torsdag for å ha nye konsultasjonar med henne på politisk nivå, sa Aasland til NRK måndag.

Det har praktisk talt heile vegen sidan Høgsteretts avgjerd vore tydeleg at regjeringa først og fremst ønskjer ei løysing som ikkje inneber at vindmøllene på Fosen blir rivne: «Målet for prosessen i departementet å sikre en løsning der driften av vindkraftverkene kan opprettholdes samtidig som reindriftens rettigheter ivaretas», skreiv Aasland i fjor sommar i eit brev til Sametinget.

Høgre: Ikkje avgjort

Høgsterett meiner ingenting om kva som skal skje med vindkraftparkane og turbinane, noko som opnar for at dei kan bli ståande så lenge dei ikkje krenkjer urfolksrettar, poengterer energipolitisk talsperson Nikolai Astrup i Høgre. Verken Høgre eller Framstegspartiet har sterke meiningar om saka.

Nikolai Astrup. Foto: Stortinget

KrF opnar for riving, men er først og fremst frustrert over at prosessen går tregt.

– Dei må sjå på kva som er mogleg. Det kan vere riving. KrF er førebudd til det, men det er jobben til regjeringa å finne ei løysing. Det forventar vi at ho gjer. Det er uforsvarleg at det har teke så lang tid, seier energipolitisk talsperson Kjell-Ingolf Ropstad i Kristeleg Folkeparti.

Han understrekar at det er avgjerande at ugyldig vedtak ikkje fattast igjen i denne saka.

– Anlegget kan ikkje tillatast å halde fram drifta som om ingenting har hendt på ein konsesjon som Høgsterett har kjent ugyldig. Derfor må drifta på heile eller delar av anlegget blir stansa inntil det er avklart kor stor del av vindkraftanlegget som må takast ned, seier stortingsrepresentant Ola Elvestuen for Venstre.


Elle Nystad er leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund (NSR-N). Foto: Edith Meek Allern