Støre om Fosen-aksjonen: Open for samtaler for å få dette avslutta så raskt som mogleg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil vere open for samtalar med alle råka for å få dette avslutta så raskt som mogleg, seier Støre til Dagbladet.

Han vil ikkje gå inn på kva ei konkret løysing kan bli, men seier at Høgsterettsdommen ikkje konkluderer med at vindturbinane på Fosen må fjernast. Vindkraftanlegget er Europas største og forsyner Trondheim med nødvendig fornybar kraft, påpeikar han.

– Det er ikkje eit enkelt spørsmål. Men vi har ein dom i Høgsterett som vi skal ta på fullt alvor, og det gjer vi, seier Støre.

Demonstrantane har måndag og tysdag blokkert inngangen til fleire departement slik at regjeringstilsette ikkje fekk gått på jobb.

– Dei er høyrde. Og eg har respekt for engasjementet, seier Støre.


Ella Marie Hætta Isaksen og Greta Thunberg demonstrerer utanfor Olje- og energidepartementet. Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom, kollasj Framtida.no