Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tapar mykje pengar på å ikkje jobbe som vernepleiar, og det er veldig synd, seier Håkon Sand på e-post til Framtida.no.

32-åringen er utdanna vernepleiar, men arbeider i dag som miljøterapeut på Nordseterhjemmet i Oslo.

Han drøymer om at fleire skal utdanne seg til å arbeide med menneske, og at yrke som hans skal få eit lønsløft:

– Så ein kanskje kan jobbe på ei slik avdeling utan at det går utover lommeboka.

Ingen dag er lik

Håkon Sand (32) begynte å jobbe på dagsenteret for 14 år sidan, i 2009. Han fekk vete om jobben av ei venninne av mora, som jobba på sjukeheimen. Først vart det ekstravakter og sommarvikar, og ein jobb ved sidan av studia. 

– Det er rett og slett ein stad eg har vore sidan mitt første møte med arbeidslivet. 

Sand vart begeistra for ein arbeidskvardag der han jobbar med menneske. Etter å ha dansa, synge og drive med scenekunst på Bårdar i to år, ville han lære noko nytt og få litt ekstra tyngde. Difor byrja han å studere vernepleie.

– Det var veldig gjevande og eg kunne ikkje sjå føre meg å sitje på eit kontor.

Bjarne (96) har vorte yndling på TikTok, etter at Håkon Sand byrja dele innblikk i kvardagen. Foto: Privat

I 2018 fekk Sand fast jobb som miljøterapeut i avdelinga, i ei 80 prosent stilling. Han tenkte første det skulle vere ein mellombels jobb, fram til han fann ei stilling som vernepleiar.

– Mellombels vart litt lenger enn planlagt, men det er ein koseleg stad å jobbe, så eg har ikkje kome meg nokon andre stadar! 

32-åringen seier det er vanskeleg å ha forventingar til ein kvardag der ein jobbar med menneske, for ingen dag er lik. Men han tenkte han skulle bruke mykje av musikaliteten og kreativiteten sin, og det har han absolutt fått gjere.

– Og dei siste åra no har noko av kreativiteten vorte dokumentert på TikTok og det har teke veldig av, noko som er veldig morosamt.

Fleire titals millionar TikTok-visningar

Gjennom TikTok har heile Noreg allereie rekt å få eit innblikk i arbeidskvardagen til Håkon Sand.

Fleire titals millionar visningar og over 3,5 millionar likarklikk er ein grei indikasjon på at dei 112 000 følgjarane er begeistra for alt som går føre seg på dagsenteret.

Anten det er Britney-hyllestar, sjalusidrama, ghosting eller andodride.

@hakonsand Ja, han kan bare prøve seg!😡 #helsetok #humor #putin #gamlefolk ♬ original sound – Håkon Sand

Det mest utrulege som har hendt 32-åringen på jobb, er òg i samband med TikTok-suksessen.

Det må ha vore at eit TV-team tok flyet frå Tyskland for å møte meg og brukarane, etter å ha sett oss på TikTok.

I tillegg var det stas, då Sand og Haldis (98) vart inviterte på God Morgen Norge i mai i fjor. Det var ei oppleving både for 32-åringen og for 98-åringen.

Viktig: Bingo, klokka 12

Kvardagen på Nordseterhjemmet er veldig variert. Arbeisdagen startar gjerne med at Sand kjem på jobb, og ringer alle brukarane som skal kome til dagsenteret for å fortelje når minibussen står utanfor heimdøra deira. 

Dei skal hente opp mot 25 personar, så ruta må vere nøye planlagd for å spare tid.

– Så kjem vi tilbake på dagsenteret og brukarane et ein god frukost! Då snakkar vi om alt som har skjedd sidan sist og sørgjer for god stemning rundt frukostbordet.

Med frukost i mangen er det dags for 30 minutt stoltrim med variert musikk. Det vert allsang til både Elvis, Abba og Nora Brocksted medan ein strekker på armar og bein.

– Etter trimmen kan eg samle alle, ta fram pianoet og dele ut songbøker til dei som vil verte med. Så kjem dei med ønskesongar, og vi spelar og syng og snakkar litt om minne frå desse gamle skulesongane som dei har vakse opp med.

Når klokka slår 12 er det duka for bingo. 

– Og prøver vi å fortelje at vi kan gjere noko anna i staden for bingo, så vert det bråk! Bingo er den store favoritten før middag vert servert.

Til middag er det 3-retters på menyen, med mat tilpassa aldersgruppa. Det kan vere aspargessuppe til forrett, flesk og duppe til middag og mandelkjernepudding til dessert.

Når maten er fordøydd vert brukane køyrde heimatt.

I løpet av arbeidsdagen har Håkon Sand både følgt brukarane til og frå heimen, laga mat, følgt på toalettet, underheldt og skapt fine stundar.

– Dei fleste brukarane klarar seg sjølv, men det er ikkje alltid kroppen heng med, så då treng fleire litt støtte for å førebyggje fall.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– No jobbar eg ikkje som vernepleiar, det eg er utdanna som, så mine arbeidsoppgåver er meir retta mot aktivisering og å sørgje for at dei har ein god dag. Men noko sårstell og injeksjonar har vi, så eg får vere litt vernepleiar òg!

@hakonsand Kanskje blitt LITT mye BINGO i det siste… #kjøpehelesverige #soppgirobygget #gamlefolk #sverige ♬ KJØPE HELE SVERIGE – Soppgirobygget

Dei små augeblikka

– Kva er det beste med jobben?

Det beste med jobben er små augeblikk som betyr noko stort! Augeblikk der dei eldre verkeleg set pris på det du gjer, og at ein føler at ein gjer ein forskjell. Det kan vere at ein som er veldig gløymsk plutseleg hugsar namnet ditt eller eit rørande augeblikk som får fram tårene under allsang.

Det mest utfordrande er at det er så mange menneske han møter i løpet av ein dag at han ikkje får snakka så mykje med alle. Difor synest 32-åringen det er viktig med felles aktivitetar som gjer at alle kan kjenne ei tilhøyrsle og ein tryggleik.

 Alle brukarar bur heime, og dei fleste bur åleine og kan vere mykje einsame. Så vår oppgåve på avdelinga er å dekkje sosiale behov og klare å få fram litt latter hos menneske med psykiske og/eller fysiske funksjonsnedsetjingar.

Du er god nok

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Er mange som trur at eldreomsorgen berre er pleie og stell, men det er så mykje meir. Og alt som ikkje er pleie og stell er noko av det viktigaste vi gjer for å bidra til kvardagsmeistring og glede.

Håkon Sand meinar yrket passar for menneske som likar å gje av seg sjølve for å få noko tilbake. 

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Tipset mitt når ein jobbar med menneske er berre å vere seg sjølv. Du er god nok, og du vert veldig sett pris på.


Julian Finne arbeider som glasblåsar. Foto: Maren Therese Forsbakk, June Åsheim

Fakta

Namn: Håkon Sand

Alder: 32

Frå: Oslo

Yrke: Miljøterapeut

Utdanning: Bachelor i vernepleie, men også utdanna musikalartist.