Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det beste med jobben som glasblåsar må vere å kunne utfalde seg kreativt, det å kunne skape og det å kunne utfordre deg sjølv med nye teknikkar, og lære seg nye ting.

Julian Finne (27) har blåse glas sidan han var tenåring.

Noko av det aller kjekkaste han veit med jobben er å reparere eller rekonstruere glasobjekt som er øydelagde eller knuste.

Det byr på utfordringar som ein kanskje til vanleg ikkje hadde fått, og det tvingar deg fort til å tenkje litt utanfor boksen.

Fekk auga opp for faget som 7-åring

27-åringen frå Mosjøen fortel at han alltid har syntest glasblåsing ser utruleg spanande og fint ut.

Fascinasjonen byrja då han var kring sju år gammal, då han og familien besøkte ei glashytte i Lofoten.

Kring ti år seinare gjekk han eit år på design og handverk-linja på vidaregåande, og så tok han til som lærling i faget.

– Det å verte lærling, og gå eit slikt «særløp» passa meg utmerkt, då eg eigentleg aldri følte at skulebenken var noko for meg, fortel han på e-post til Framtida.no.

Julian Finne treivst ikkje på skulebenken og ville arbeide med noko fysisk. Glasblåsar-faget passa han ypparleg. Foto: Maren Therese Forsbakk

Han visste eigentleg ikkje heilt kva han gjekk til og kva han kunne vente seg, før han byrja.

– Eg ante det dreia seg om varme og det å kunne jobbe fysisk, noko som absolutt appellerte til meg.

Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Utdanninga eg hadde frå vidaregåande hadde inga direkte kopling til glashandverkar-faget, anna enn fargelære kanskje. Lærlingtida, derimot, handla 100 prosent om, og førebudde meg på, yrkeslivet som glasblåsar.

Frå bruksgjenstandar til utstillingsobjekt

Dei tre åra som lærling fullførte Finne hos glashytta Blåst i Tromsø, der han så vart verande i trufast jobb i fem år. Først sommaren 2021 forlèt han Nord-Noreg og sette kursen sørover:

– No jobbar eg på ei glashytte som heiter Klart Glass. Ho ligg på ein idyllisk liten stad som heiter Bærums Verk, kring 40 minutt utanfor Oslo.

I tillegg til ein verkstad, husar Klart Glass òg ein kombinert butikk og galleri.

– Det betyr at vi lagar ein god del bruksglas – alt frå drikkeglas til større vasar og skåler. Det går også ein del i reparasjonar som sliping og liming, og dessutan rekonstruering av saker som kundar ønskjer nytt, forklarar Finne.

Som glasblåsar lagar ein òg bruksglas, som desse tre drikkeglasa. Foto: Privat

I glashytta lagar dei òg ein del store og små kunstobjekt, anten på spesialbestilling eller som skal på utstilling.

1000 grader

Kva er det mest utfordrande?

– Når vi produserer glas er arbeidstemperaturen på over 1000 grader, så vi har inga mogelegheit til å kunne ta og forme glaset med hendene, som til dømes med keramikk. Temperaturen søkk også fort etter at du har henta glaset ut av omnen, noko som vil seie at ein må jobbe effektivt og kjapt før glaset stivnar.

Finne fortel at han plar få spørsmål om han ofte brenner seg, eller om han må vere forsiktig for å ikkje suge attende varm luft til lungene.

Foto: Maren Therese Forsbakk

Glasblåsarar brukar nemleg eit langt og holt stålrøyr, kalla ei pipe, når dei blæs glas. Ein risikerer vel ikkje å puste inn 1000 grader varm luft?

– Ein av teknikkane våre innan glasblåsing er akkurat det, å suge tilbake luft for å lage effekt i glaset eller for rett og slett å krympe glaset om det vert litt for stort, forklarar 27-åringen og held fram:

– Luft som vi syg tilbake er ikkje varm, pipa er så lang at den varme lufta som er inne i glaset vert kjølt ned på veg tilbake.

Nye ting å lære – heile tida

Glasblåsaren fortel at yrket passar perfekt for dei som ønskjer å skape noko og å vere kreativ:

– Dei som er komfortable i eit varmt arbeidsmiljø og for dei som ønskjer å ha ein jobb der du må kunne litt om alt, supplerer han.

Sjølve blåsinga av glas er berre ein del av jobben. I tillegg lyt ein gjerne drive butikk, og ta hand om verkstaden, som gjerne treng litt service av og til.

Du kan gjere alt med glas – blåse, støype, klippe og sage! Når du har lært deg eitt aspekt med glashandverk-faget, så er det framleis tusen ting som du ikkje har prøvd enno! 

I tillegg til bruksgjenstandar, blæs Finne òg utstillingsobjekt. Foto: June Åsheim

Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Køyr på! Dette er ein fysisk jobb med mykje repetisjonar i korleis du beveger kroppen, så ha ein annan fysisk aktivitet som du kan gjere på fritida. Då førebyggjer du senebetennelse og slike ting.

Som glasblåsar vert du del av eit miljø som elskar å blåse glas, fortel 27-åringen, som rår gryande glasblåsarar til å reise rundt på konferansar og kurs:

– Det er gull verd!

Ein verkstad ved sjøen

– Opp gjennom min glasblåsar-karriere har eg fått teke del i mykje moro, mange ting som har gjort inntrykk på korleis eg ser på jobben min, men også på kven eg har vorte som person, fortel Julian Finne.

Då han arbeidde i Tromsø kom folk ofte innom for å få blåst ei kule eller eit enkelt vassglas:

 Det i seg sjølv er ikkje ei lett oppgåve, det er ofte noko ein ikkje kan samanlikne med andre ferdigheiter ein har frå før.

Dette er blant lampane Finne har blåse. Foto: June Åsheim , Privat

Noko av det som har sett djupast spor i han, var då Regionsenteret for døvblinde kom på besøk og alle fekk blåse seg eit eige glas.

Det var ei veldig fantastisk oppleving.

I tillegg til å jobbe fulltid hos Klart Glass, har glasblåsaren sitt eige vesle enkeltmannsføretak Finne Design.

– Der tek eg imot bestillingar og sel kunst som eg designar og lagar sjølv. Draumen er vel å kunne leve av å lage min eigen kunst. Å kanskje ha min eigen verkstad nede ved sjøen, hadde vore fint.


Sondre Olaus Johre (29) er animatør. Foto: Privat

Fakta

Namn: Julian Finne

Alder: 27

Frå: Mosjøen i Helgeland

Yrke: Glasblåsar

Utdanning: 1 år VGS Design og Håndverk. Lærling i 3 år som glasblåsar i bedrift.