Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lenge såg eg føre meg at eg skulle halde fram i akademia, og sikte mot eit professorat. Men under pandemien og masterskrivinga kjende eg på eit aukande behov for å vera med på å forma samfunnet meir direkte enn eg følte eg kunne gjera med teoretisk fysikk.

Eline Prytz Andersen (27) har ei mastergrad i teoretisk fysikk, to år på medisinstudiet og eit halvt år med praktisk-pedagogisk utdanning i bagasjen.

Då ho fekk tilbod om ei stilling som innhaldsdesignar i designbyrået Halogen, synest ho det verka som ein spanande inngang til å påverka viktige samfunnsaktørar.

Biletet er teke på jobbtur til Torino, Italia hausten 2022. Foto: Privat

Frå universitetet til arbeidslivet

Jobben fekk ho via ein tidlegare arbeidsgjevar og undervisar ved Universitetet i Oslo. Hausten 2020 og våren 2021 jobba ho nemleg ved kompetansesenteret for undervisning i realfag og teknologi ved det Matematisk-Naturvitenskapelige fakultet ved UiO.

– I den stillinga laga eg videointervju med undervisarar ved fakultetet, om deira undervisning.

Jobben som innhaldsdesignar startar dagleg med ein kopp kaffi saman med resten av innhaldsteamet.

I løpet av ein arbeidsdag kan Prytz Andersen gjera ulike typar oppgåver for ulike kundar. Det kan vera alt frå å intervjua menneske for å finna ut korleis dei vert påverka av ei politisk avgjerd, eller korleis ein nettside eller arbeidskvardagen deira kan bli betre.

– Andre gongar handlar det om å skrive rapportar eller redigera tekstar som skal inn i ei bok. Så er det mykje analysearbeid av innsikt, både kvalitativt og kvantitativt, og så har vi ofte verkstader med kundar eller innbyggjarar for å løyse problem.

Innhaldsdesignar Eline Prytz Andersen jobbar med å løysa problem i eit kreativt miljø. Her er arbeidsplassen og ein meme frå ein kollega. Foto: Privat

Fysikk som metode

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ikkje i det heile teke! Nei då. Som fysikar har eg løyst mange komplekse problem med matematikk som verktøy. No løyser eg problem med språk som verktøy, og det er på mange måtar veldig likt! I tillegg har fysikkutdanninga mi gjeve meg gode ferdigheiter i å sjå løysingar i store, komplekse flokar, noko eg får god bruk for i arbeidskvardagen.

Innhaldsdesignaren opplever gjerne at folk tenkjer yrket handlar om å designa klede eller gjenstandar.

– Vi held i stor grad på med design på eit meir abstrakt nivå, av tenester, strategiar og prosessar, forklarar ho.

Yrket passar difor til den som likar å løyse problem, men som også er kreative og samfunnsengasjerte.

– På mange måtar har jobben svara til forventningane mine: Eg er heilt klårt meir involvert i politiske avgjerder no, samanlikna med då eg skreiv master om svarte hol. Samstundes trur eg at eg i utgangspunktet har litt høge forventningar til eigen påverknadskraft, seier ho og forklarar:

– I tunge byråkrati er det ikkje alltid like lett å sjå at arbeidet du gjer faktisk fører til endringar, og det kan vera litt demotiverande nokre gonger. Då er det viktig å hugsa på at òg små tuer kan velta store lass.

Innhaldsdesignar Eline Prytz Andersen intervjuar ein varebilsjåfør for å finne ut korleis næringsaktørar innanfor Ring 1 i Oslo vil verta påverka om det vert ei nullutsleppssone. Prosjektet vart gjort på oppdrag for Bymiløetaten i Oslo kommune. Foto: Privat

Må finne sin plass

Det beste med jobben er ifølgje Prytz Andersen folka og kreativiteten deira.

– Blant anna lærer eg mykje om visuell formidling og krafta i å samlast rundt noko konkret, som ei skisse eller ein tekst, når ein samarbeider om å løyse problem.

– Kva er det mest utfordrande?

– Å koma frå eit anna fagfelt kan ofte by på utfordringar, særleg fordi folk ikkje heilt veit kva du kan. Så eg må nok i større grad enn andre sjå sjølv kor eg kan bidra i prosjekt.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Alle vegar leiar til Rom. Tverrfagleg design er skikkeleg i vinden om dagen, og vi treng problemløysarar som ser utfordringar og løysingar på ulike måtar.

Biletet er teke på jobbtur til Torino, Italia hausten 2022. Foto: Privat

Forfattardraum

Noko av det mest utrulege som har skjedd ho på jobb var på ein fagdag med andre innhaldsdesignarar, der det var kreative metodar involvert.

– Då fekk vi prøva oss på å skriva dikt om kor vi kom frå, men ved å berre skriva om sanseinntrykk frå staden vi vaks opp, mattradisjonar, ting folk har sagt til oss og menneske som har bidrege til å forma oss. Det blei seks utruleg fine dikt, og var ein kjempeinteressant måte å bli betre kjent med kvarandre. Alle vala vi tok for å forklara kor vi kom frå, fortalde så mykje om kven vi er som menneske.

Ein av grunnane til at denne oppgåva trefte så godt kan vera at Prytz Andersen har lyst å sikta seg inn på forfattaryrket etter kvart.

– Mellom anna ønskjer eg å driva meir med forskingsformidling, og planlegg å skriva ei populærvitskapleg bok om fysikk. Eg skriv òg på ei skjønnlitterær bok på sida, og håpar at den kan bli noko folk kan setja pris på å lesa.


Sondre Olaus Johre (29) er animatør. Foto: Privat

Eline Prytz Andersen

  • Alder: 27 år
  • Frå: Ålesund
  • Yrke: Innholdsdesigner
  • Utdanning: Master i teoretisk fysikk (+ to år medisin profesjon og eit halvt år PPU)