Ny rapport om rasisme i Noreg: – Vi må erkjenne at rasisme framleis er eit samfunnsproblem

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga har 1.815 norske barn og unge mellom 13 og 19 år delteke.

Her kjem det fram at 37 prosent har vorte utsette for rasisme på bakgrunn av hudfarge, medan 25 prosent har vorte utsette for rasisme på grunn av religionen sin.

– Barn har rett til å vere trygge på skulen. Det er avgjerande for læring og utvikling. Desse tala er difor djupt urovekkjande og absolutt uakseptable. Vi må erkjenne at rasisme framleis er eit samfunnsproblem som styresmaktene må ta på alvor med det same.

Det seier Kristin Oudmayer, direktør for Barns Rettigheter og Bærekraft i Unicef Norge, i ei pressemelding.

Dette er nokre av respondentane sine meiningar: 

(Trykk på biletet for å gjere det større.)

Dei som bestemmer, gjer ikkje nok

I rapporten, som torsdag morgon vart overlevert statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), kjem det òg fram at 67 prosent meiner at dei som bestemmer i Noreg, ikkje gjer nok for å stoppe rasisme.

Stataminister Jonas Gahr Støre (Ap). Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Statsministeren seier i pressemeldinga at rapporten set ord og språk på noko ein visste frå før:

– Vi som politikarar må tenke på kva vi kan gjere med dette. I politikken finst det ikkje eit enkelt vedtak, ei enkelt løyving, eller eit legemiddel som kan kurere dette. Det er mykje enklare, og mykje vanskelegare enn det. Haldningane våre må vere klare: ingen skal verte utsette for diskriminering på bakgrunn av si tru, legning eller utsjånad, seier Støre.

Dei fleste (68 prosent) av dei som har opplevd rasisme og diskriminering, fortel at det ikkje var nokon som hjelpte dei.

Dei fleste (57 prosent) svarer at dei har opplevd rasisme på skulen, medan sosiale medium kjem på andreplass.


Theresa Elise Nøsen Opoku, Emma Effie Morrison Lund og Sandra Abena Nøsen Opoku har starta Afryea som eit nettverk mot rasisme. Foto: Privat /Kollasj av Framtida.no