Mehl med nytt valdtektsutval: – Vi må ikkje gi opp kampen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er framleis eit stykke igjen før vi kan seie at det ikkje er tabu rundt dette. Sjølv om vi har komme langt på likestilling, og det er meir fokus på integritetskrenkjande kriminalitet, så må vi ikkje gi opp kampen, det er framleis veldig mange igjen å hjelpe, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NTB.

Fredag nedsette ho eit nytt valdtektsutval, som skal leiast av Ole Henrik Augestad. Han er kommuneoverlege i Sandefjord og har 18 års erfaring som medisinsk leiar for overgrepsmottaket i Vestfold.

– Eg ser korleis valdtekt og annan seksuell vald påverkar dei som blir utsette for det. Det gir store helsemessige etterverknader og redusert livsaktivitet. Det er vanskeleg å beskrive kor invaderande seksuell vald kan vere for den som blir utsett for det, seier han til NTB.

Mørketal

Utvalsleiaren beskriv valdtekt som eit folkehelseproblem. Han minner om at det er store mørketal på området.

– Er det fleire seksuelle overgrepet no enn før? Og er det andre aldersgrupper som er meir involverte no enn før? Det veit vi ikkje heilt sikkert. Det er store mørketal, og det må vi heile tida ha med oss, og tenkje at det vi ser, er det heilt openberre, seier Augestad.

Utvalet skal spesielt sjå på grupper som kan falle utanfor, som minoritetar og personar med funksjonshemningar. Dei skal prøve å finne tiltak og førebygging som femnar om heile samfunnet.

– Også dei som vi ikkje kjenner heilt til, og som vi kanskje ikkje møter på overgrepsmottaka, seier han.

Prioritert område

Utvalet er ei oppfølging av eit stortingsforslag som SV fremja, og som vart einstemmig vedteke.

Mehl seier at valdtekt og seksuell vald er eit prioritert område for regjeringa.

– Dette er eit forferdeleg viktig område. Valdtekt og seksuell vald har store verknader, ikkje berre for enkelte, men for samfunnet òg. Det at vi har ein fare for seksuell vald og valdtekt, påverkar jo også korleis mange kvinner oppfører seg og kva val dei tek, seier ho.

Planlegg samtykkelov

Nyleg fekk justisministeren rapport frå eit utval som har gått gjennom heile kapittelet om seksuallovbrot i straffelova. Dette er no ute på høyring. Regjeringa har også varsla at dei ønskjer å leggje fram ei samtykkelov.

– Strafferetten kan ha førebyggjande verknad i seg sjølv, ved å få ei lov som seier tydeleg at eit nei er eit nei, seier Mehl.

Men det nye utvalet som no er sett ned, skal gå breiare inn i problemstillinga.

– Til dømes når det gjeld festrelaterte valdtekter, som er utbreidde blant ungdommar, så trur eg vi må gå inn i kvifor det oppstår og sjå på korleis vi kan nå ut til unge med meir informasjon om grensesetting. Men dette er altså opp til utvalet, seier justisministeren.

Møter overgripar på nett

Sist gong ei regjering gjennomførte ein gjennomgang av valdtekt, var med Voldtektsutvalget i 2008.

Sidan den gong har det skjedd ein del, understrekar utvalsleiaren, som har følgt utviklinga tett gjennom jobben sin. Måten folk møter kvarandre på har endra seg.

– Gammaldagse, fysiske sosiale treffpunkt er no avløyst med kontakt på nett. Då sosialiserer folk saman og opplever at dei kjenner kvarandre, fordi dei har kjent kvarandre på nett. Og så møtest dei fysisk, og det kan oppstå situasjonar. Det er ikkje ei uvanleg problemstilling som vi møter no, med seksuelle overgrep.

Han minner folk om at vi allereie har eit sterkt hjelpeapparat i Noreg.

– Mange vel nok å løyse dette på eiga hand, eller i sin eigen vesle sirkel. Og eg tenkjer at kanskje ikkje alle er heilt klar over kor sterkt hjelpeapparatet trass alt er, og kva vi kan gjere for å hjelpe, seier han.

Oppmodinga er klar:

– Er du utsett for valdtekt, eller du kjenner nokon, eller har omsorg for nokon som er det, så er det å søkje hjelp.


Illustrasjonsfoto/kollasj av Framtida.no. Foto: Scott GrahamUnsplash og Privat