Å senke den seksuelle lågalderen vil kunne bidra til at vaksne menneske i større grad utnyttar og forsøker å få yngre til å dele seksuelt innhald, skriv Helena Heimstad, leiar i LightUp Bergen.
Helena Heimstad
Helena Heimstad

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Tidlegare denne veka føreslo Straffelovrådet å senke den seksuelle lågalderen i Noreg, frå 16 til 15 år. Dette forslaget vert grunngitt ved at «barn som nærmer seg seksuell lavalder gis større rom for å utforske egen seksualitet i samhandling med jevnaldrende».

Men dette forslaget vil også kunne bidra til at vernet mot at ungdommar blir utsett for seksuell utnytting av vaksne blir svekt; særleg er dette kritisk i ei tid der seksuell utnytting av barn og unge berre aukar, spesielt gjennom digitale plattformer.

 Vern mot seksuell utnytting

Lover som omhandlar seksuell omgang med mindreårige, har som hovudformål å beskytte personar under 18 år frå seksuell utnytting.

Respekt for andre sine grenser og kjensler er viktig for at ein sjølv og andre skal kunne ha eit tryggare forhold til seksualitet.

Å senke den seksuelle lågalderen kan blant anna bidra til eit auka sexpress blant yngre menneske, samtidig som det kan vere vanskeleg å sette tydelege grenser i utrygge situasjonar. Nettopp derfor er det viktig at det ikkje blir skapt ei forventning om at unge, heilt ned i 15-årsalderen, skal vere modne nok til å sjølv kunne hindre eller unngå uønskt seksuell merksemd, og vurdere risikoen av å ha sex med andre ungdommar og vaksne.

 Digital seksualitet anno 2022

Seksualitet handlar om langt meir enn fysisk nærvær i 2022.

Dette handlar også om deling av lettkledde og seksualiserte bilete og videoar. Uansett årsak til deling av slikt innhald, kan det vere sårande og skadeleg for den personen som er avbilda, spesielt om biletet blir spreidd vidare utan samtykke.

Det er viktig å hugse på at det å dele seksuelle bilete utan samtykke kan vere ei form for seksuell krenking, trakassering eller overgrep, og kan føre til alvorlege konsekvensar for den som gjer det og få store konsekvensar for dei som blir utsett.

I utgangspunktet er det straffbart å ta, ha eller dele seksualiserte bilete og videoar av personar under 18 år.

Å senke den seksuelle lågalderen vil kunne bidra til at vaksne menneske i større grad utnyttar og forsøker å få yngre til å dele seksuelt innhald.

Sterkare vern

I ei tid der overgrep mot barn og unge berre aukar, særleg på nett, er det ingen grunn til å svekke det vernet ungdommar allereie har gjennom straffelova.

Det burde heller leggast ein innsats inn i å styrke alle ungdommar sitt vern mot overgrep, og dessutan skjerpe strafferamma for vaksne overgriparar.

Dette understrekar kvifor samfunnet må halde fram å styrke vernet av mindreårige – dette skjer ikkje ved å senke den seksuelle lågalderen! 

Lightup meiner difor at den seksuelle lågalderen bør haldast på dagens nivå, slik at alle unge menneske har eit sterkare vern mot seksuelle overgrep frå vaksne.

Å bevare den seksuelle lågalderen gir ingen garanti mot seksuelle overgrep, men den reduserer risikoen for at unge menneske skal bli utsett for trakassering og krenkingar, både fysisk og på nett.

 

Oppdatert: fredag 23. desember 2022 11.31

LES OGSÅ

ANNONSE