Kan samtykkefokuset føra til meir uetisk sex?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Stygge problem har ikkje alltid fine løysingar.»

Det skreiv Ezra Klein i eit essay som forsvara innføringa av ein ny, positiv samtykkelov i California i 2014.

Men er vi einige om kva problemet er? spør Amia Srinivasan i si mykje omtalte bok «The Right to Sex». Om problemet først og fremst er at menn har sex med kvinner utan først å innhenta samtykke, så er kanskje positiv samtykkelov svaret, held ho fram.

The Right to Sex

Men kva om problemet ligg djupare? Kva om problemet også består i at menn nettopp vil ha sex med kvinner som ikkje vil, eller ser det som sin jobb å overkomma motstanden? Og at kvinner føler det er deira plikt å ligga med menn, sjølv når dei ikkje har lyst?

Det er ikkje vanskeleg å argumentera for at mange av kulturprodukta vi konsumerer i det daglege kan skapa slike haldningar, for ikkje å nemna pornoindustrien.

Frå nei til ja

Lenge var negativt samtykke – nei betyr nei – det feministar prøvde å kjempa for: at menn skulle ha respekt for ei kvinne sitt nei. Men dette er klart problematisk. Ofte vil ein av partane vera rusa, redd, eller på andre måtar ute av stand til å få fram eit uttrykt nei.

Kvinnedagen på Youngstorget i Oslo, 2020. Amnesty er éin av organisasjonane som har fronta kravet om ny samtykkelov. Foto: GGAADD/Flickr

Derfor gjekk ein gradvis over til positivt samtykke – ja betyr ja. No skal ein spørja, og få eit uttrykt, eksplisitt ja før sex er rettsleg og etisk tillate. Det er langt på veg her debatten synest å stå i Noreg i dagVegen til etisk sex går gjennom uttrykt samtykke.

I haust blei det også fleirtal på Stortinget for å innføra positiv samtykkelov i Norge.

Kven sitt samtykke?

Filosofen Quill Kukla går, som Srinivasan, eit skritt lengre. Ho spør: Kva om vi samtykker til sex fordi vi er forma av ein kultur der mannen er venta å ta kontroll, og kvinna skal føye seg? Kva om mange ektefellar og kjærastar går med på sex fordi dei opplever det som forventa av dei, men på ingen måte sjølv har lyst?

Samtykkemodellen legg også til grunn denne patriarkalske føresetnaden, meiner Kukla. Det er ein aktiv (les: mannen) og ein passiv (les: kvinna) part; ein som søker samtykke, og ei som gir det.

I dette ligg framleis idéen om sex som ei gåve kvinna gir til mannen, ettersom ho sjølv ikkje får noka nyting av det.

Slik underminerer samtykkemodellen kvinner sitt aktørskap, og både føreset og forsterkar patriarkatet, ifølgje Kukla.

Tilbake til førre feminisme

Kukla og Srinivasan legg begge vekt på korleis samtykkemodellen set søkelyset på det enkelte individet framfor kulturen og overordna strukturar. Slik blir det også vanskeleg å få auge på valdtektskultur – på det problematiske ikkje berre ved den individuelle overgripar, men ved samfunnet som formar dei.

Srinivasan ser tilbake til ein tidlegare generasjon feministar – frå Simone de Beauvoir og bell hooks til Audre Lorde – som politiserer våre seksuelle begjær.

Frå venstre: Simone de Beauvoir, Bell hooks, Audre Lorde. Foto: NiaVasileva/Wikimedia Commons/CCO, Alex Lozupone (Tduk)/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 4.0 , Elsa Dorfman/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Denne generasjonen feministar – gjerne omtala som «andre generasjon» eller «andre bølgje» av feminisme, var ofte djupt kritiske til eigne begjær, som dei mistenkte var produkt av det kvinnefiendtlege samfunnet dei levde i.

Men kva vil det eigentleg seia at begjær er politisk?

Politikken tilbake på soverommet

Først og fremst betyr det at seksuelle begjær ikkje er naturgitte, uforanderlege, eller noko vi ganske enkelt er fødde med. Tvert imot blir begjæra våre i det vesentlege forma av samfunnet vi lever i. Slik kan eit kvinneundertrykkande samfunn også gi opphav til undertrykkande seksuell framferd.

For kva om årsaka til at menn så ofte vil vera dominante, og kvinner underdanige, ikkje har opphav i vår natur, men snarare i ein kultur som ser mannen som den aktive part og kvinna som den passive?

Kva om våre seksuelle ønske og begjær er produsert ikkje av gener og DNA, men av pornoindustri og politikk?

Kanskje er det årsaka til at så mange menn i dag – incels er eit ekstremt døme – meiner å ha krav på sex? Fordi dei er blitt forma av ein kultur som, uttald eller uuttald, fortel dei at sex er eit mannleg privilegium – noko kvinna skal gi og mannen skal få?

Er vi fri no?

Denne måten å tenkje på er ikkje spesielt attraktiv. For no er vi alle del av problemet, i den grad våre seksuelle preferansar speglar eit samfunn som er alt anna enn perfekt.

Og seksuell frigjering blir no nærmast eit utopisk mål, snarare enn noko som ligg rett rundt hjørnet, eller kjem rekande ved innføringa av ny samtykkelov.

Det betyr ikkje at positiv samtykkelov er eit steg i feil retning. Men det betyr at rettslege grep kanskje ikkje er tilstrekkeleg for å endra ein kultur. At fokuset på individuelt samtykke og å få straffa den enkelte overgripar kan hindra oss i å reflektera over det problematiske ved alle våre begjær, og korleis desse er blitt til.

Dette er utan tvil fjernt for mange unge i dag. Lenge har fokuset, med rette, vore på å oppnå respekt og anerkjenning for alle former for begjær. Det har vore avgjerande for LGBTQ-rørsla. Men kanskje har det også gjort oss for ukritiske: I dag kvantifiserer vi våre seksuelle begjær, og tenkjer med det same at «dette er meg», snarare enn «korleis blei eg slik?».

Kan det vera at vårt einsidige fokus på samtykke og overgrep dekker over alle dei andre måtane sex kan vera djupt problematisk? Som når professoren ligg med den samtykkande studenten sin? Som når ein har gitt samtykke, men sidan angrar, og synest terskelen er for høg til å trekka tilbake samtykket? Som når den kvite mannen fetisjerer asiatiske kvinner?

Kanskje har stygge problem verken fine eller enkle løysingar.


Denne saka kan gi inntrykk av at det berre er kvinner som er offer for uetisk sex eller seksuelle brotsverk. Det er sjølvsagt ikkje tilfelle, og det er viktig å peika på at også menn hyppig blir utsett for overgrep. Men artikkelen vil ikkje skapa nokon falsk balanse, der desse blir sett på som problem som er like store i omfang.