Fare for at ingen kan undervise blinde elevar
Blindeforbundet fryktar no at moglegheita til å utdanne seg til synspedagog forsvinn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er alt for få synspedagogar i Noreg, og i åra framover er faren stor for at dei kan forsvinne heilt. Konsekvensen er at både barn og vaksne med synstap ikkje får god nok oppfølging. Vi er svært bekymra over at synspedagogutdanninga er i ferd med å svekkjast ytterlegare, seier forbundsleiar i Noregs Blindeforbund, Terje André Olsen.
Han forklarer vidare kvifor det er så viktig å utdanne synspedagogar.
– Punktskrift er eit komplisert skriftsystem, det tek tid å lære det og mykje avheng av førligheten i fingrane. Ferdigheiter som utdanna pedagogar har som spesialkompetanse, seier han.
– Vi har derfor saman med Forskerforbundet, Utdanningsforbundet, Noregs Døveforbund og Hørselshemmedes landsforbund bede kunnskapsministeren om at Statped tek opp att avtalen med NTNU om synspedagogikkstudiet, og etterlyser synspedagogikk som studium ved Universitetet i Oslo, seier Olsen til slutt.