Dei kritiske punkta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg brukar berre høgre peikefinger når eg les, men lærarane mine vil at eg skal lese med begge hendene og med fleire fingrar. Eg har fått klar beskjed om å skjerpe meg!

Mina (14) ler når ho fortel korleis ho les punktskrift, og veit godt at pedagogane på Garnes Ungdomsskule i Bergen har rett. Om Mina sin høgre peikefinger skulle bli skadd, er det viktig at dei andre fingrane hennar er vane med å avkode alle dei opphøgde prikkane i lærebøkene. Og det er mykje som skal lesast når ein går i niande klasse, for å seie det slik.

Sit i fingrane

Mina vart fødd med Lebers kongeniale amaurose (LCA), og har alltid vore heilt blind. «Heldigvis», seier ho sjølv og ler att – for ho kan jo ikkje sakne eit syn ho aldri har hatt. Det var difor heilt naturleg at mykje av tida i barnehagen gjekk med til å lære seg å skrive punktskrift:

– Eg hugsar at eg hadde eit eige rom der eg sat med punktmaskina og skreiv tulleord. Det var ganske gøy, og eg fann ut av systemet ganske raskt. Då eg byrja på barneskulen, lærte eg å lese. Sidan har eg berre hatt det i fingrane, seier ho.

Då Mina Hekland gjekk i barnehagen, brukte ho mykje tid til å lære seg å skrive punktskrift: -Det var ganske gøy, og eg fann ut av systemet ganske raskt, fortel ho. Foto: Privat

64 teikn

Skriftsystemet heiter eigentleg Braille, og er oppkalla etter franskmannen Louis Braille, som fann opp og hadde utvikla punktskrifta allereie som 16-åring. Braille vart fødd 4. januar i 1809, og dagen er no blitt FNs internasjonale dag for punktskrift.

I punktskrift blir bokstavar, tal og andre teikn markert innanfor små ruter med plass til seks punkt. Punkta kan danne kombinasjonar av 64 ulike teikn. Teikna tolkar ein ved å føre fingertuppane over dei frå venstre mot høgre, og det er difor punktskrift blir kalla eit taktilt alfabet.

På skulen les Mina mest punktskrift på papir, medan ho heime brukar ei leselist som ho koplar til datamaskina. Med den kan ho både skrive punktskrift, og få omsett vanleg skrift på skjerm til punktskrift.

Ei leselist har frå 20 til 80 celler plasserte inntil kvarandre. Når Mina koplar lista til pc, Mac, smarttelefon eller lesebrett, konverterer lista data frå ein skjermlesar. Foto: Privat

Livsviktig merking

Du har kanskje lagt merke til dei du også, dei nesten usynlege, opphøgde prikkane på alle medisinesker frå apoteket? Der fortel prikkane både namnet og styrken på preparatet, slik at blinde og svaksynte ikkje skal kunne ta feil medisin. Alle skjønar jo at det kunne fått fatale følgjer.

Mina synest det burde vere like sjølvsagt at alle daglegvarer også blir merkte med punktskrift, anten på varene, eller på hylla der varene står. Rett nok har ho så langt berre kome heim med ei plasteske med tomat då ho trudde ho hadde kjøpt druer, men det bør jo ikkje vere livsfarleg for å vere viktig, meiner ho.

-Så sant eg får den tilrettelegginga eg treng, klarer eg alt, seier Mina Hekland, som etterlyser punktskriftmerking av daglegvarer. Foto: Privat

Elles i livet er det knapt noko Mina føler at ho ikkje meistrar; ho turnar, speler piano, syng, skriv musikk og små bøker og elskar å surfe rundt på nettet. Men å gå i butikken og handle er ganske så håplaust. Om ho skal finne det ho treng, må ho anten spørje nokon i butikken, eller facetime foreldra sine og syne fram kva ho held i handa. Det burde ein sjølvstendig 14-åring sleppe, meiner ho:

– Det kan då ikkje vere så forbaska vanskeleg å merke ting med punktskrift? Samfunnet elles er flinke til å tekste ting for døve, legge til rette med rullestolramper for funksjonshemma og omsette ting til andre språk. Då er det for dårleg at ein ikkje legg til rette for same måte for blinde. Det er ikkje litt logisk eingong, så nei, skjerpings! seier Mina, med klar oppmoding til politikarane.


Filip Bargee er aktuell i serien «Flus» på NRK og i «Pelle og Proffen» på Nationaltheatret. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles, Spark/NRK / Erika Hebbert,Nationaltheatret

VISSTE DU …

  •  at brev og bøker som berre inneheld punktskrift kan sendast portofritt med posten om dei er merka med eit eige symbol?
  • at braillebøker er mykje større og tjukkare enn tradisjonelle trykkbøker? Boka «Tørst» av Jo Nesbø har til dømes 522 sider i vanleg trykk. I punktskrift er ho på 1318 A4 sider og kjem i 19 bind.