Regjeringa går mot Miljødirektoratet – Natur og Ungdom varslar sivil ulydnad
Fredag gav regjeringa grønt lys til ny E6 gjennom Lågendeltaet. No varslar Natur og Ungdom lenkeaksjonar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I staden for å lytte til kunnskapen vel regjeringa å tvinge gjennom ei unødvendig monsterutbygging, seier Gina Gylver i ei pressemelding.
Natur og Ungdom-leiaren reagerer på at regjeringa førre veke opna for å byggje ny E6 gjennom naturreservatet Lågendeltaet i Lillehammer.
I helga vedtok landsstyre i miljøorganisasjonen at dei skal aksjonere med sivil ulydnad om arbeidet startar.
– Å bryte lova er verken noko vi tek lett på, eller noko vi ønskjer å gjere, seier leiaren.
Går mot Miljødirektoratet
Miljødirektoratet sa i desember nei til planen om å byggje ein firefelts motorveg gjennom naturreservatet. Direktør Ellen Hambro sa då at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje var oppfylte.
– Verneområde vert oppretta for å ta vare på svært verdifull natur, og vernet er meint å vere varig, sa direktøren i ei pressemelding.
Naturreservatet vart oppretta for å verne eit viktig og spesielt våtmarksområde, og dyrelivet som bur der. 10,5 prosent av dei truga artane i Noreg lever i våtmark og 86 prosent av desse artane er truga av arealendringar, ifølgje direktoratet.
Regjeringa overprøvde likevel Miljødirektoratet.
– Det skal vere ein svært høg terskel for å tillate inngrep i verneområde. I dette tilfellet meiner regjeringa samla sett at dette er den beste løysinga når ein ser alle omsyn samla.
Det sa klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding førre veke.
Han peika på at regjeringa vil verne erstatningsareal og finne nye tiltak for å redusere miljøulempene ved vegprosjektet samla sett.
– Heilt hinsides
– Når regjeringa opnar for å endre vernet straks det passar dei, er det ikkje berre ein trugsel mot det verdifulle Lågendeltaet. Det er ein trugsel mot naturens rettssikkerheit, og dermed også vårt livsgrunnlag, seier NU-leiar Gina Gylver.
Ho peikar på at klima- og miljøministeren sjølv hadde ei leiande rolle i å sikre ei historisk naturavtale i desember, og reagerer på at regjeringa vil endre verneforskrifta kort tid etter at avtala vart signert.
FNs naturtoppmøte (COP15) vart i desember samde om vern og bevaring av 30 prosent av eit representativt utval av verdas natur.
– Det er heilt hinsides å oppløyse eit vern for å bygge firefelts motorveg berre sju år før vi skal ha verna 30 prosent av all natur, men det er endå ikkje for seint å snu, seier Gylver.
- Les meir om naturavtalen: Verda skal verna 30 prosent natur fram mot 2030: – Vil ikkje vera gratis
Les også: Her blir Aleksander (19) arrestert – vil ta saka til retten