Den tyske landsbyen Lützerath skal jamnast med jorda – Elise (20) reiste for å stoppe det

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var jo litt redd, men ein vert full av adrenalin og eg skjønte ikkje heilt kva som skjedde før det var over. Då har eg vore meir redd i dag, når eg er langt unna, enn i går.

Når Framtida.no slår på tråden er Elise Sørensen på toget frå Göteborg til Oslo, siste etappe på vegen heim.

På tampen av førre veke reiste 20-åringen til Tyskland for å demonstrere mot den planlagde gruvedrifta i Lützerath, som ligg heilt vest i landet.

Vi kan ikkje gløyme Lützerath med det første. Dei som har makt søker ei lettvint løysing på energikrisa og tek ikkje ansvaret sitt på alvor. Det er difor saker som Lützerath er så viktige, seier ho på telefon til Framtida.no. 

Den vesle landsbyen skal jamnast med jorda for å utvide gruvedrifta i området.

Energikrise og tonnevis med kol

Energiselskapet RWE eig jorda i heile landsbyen, der forlatne hus og demonstrantar er det einaste som er att.

Etter den russiske invasjonen av Ukraina, treng nemleg Tyskland energi. Landet har vore avhengige av storstilt gassimport frå Russland, men etter åtaket er krana stengt.

Sørensen meiner kampen om Lützerath er ei viktig symbolsak – og eit viktig teikn på kor vidt nasjonar vil halde løfta dei gav i Parisavtala og til framtidige generasjonar.

Foto: Elise Sørensen, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0

Det er snakk om sinnssjukt mykje kol, og tilsvarande CO₂-utslepp. Eg trur alle kjende på ei maktesløyse for at Det grøne partiet i den tyske regjeringa kunne gå med på bryte med 1,5-gradersmålet på denne måten.

NU-medlemmen anerkjenner at det er ei stor sak med fleire sider, og peikar på at Lützerath si skjebne er eit kompromiss – eigentleg stod fleire landsbyar i fare.

– Men heller ikkje kompromisset er godt nok når det er snakk om 280 millionar tonn kol.

Første buss til Tyskland

Det var ei spontan avgjersle å slutte seg til dei tyske demonstrasjonane.

Førre torsdag var Elise Sørensen på sentralstyremøte i Natur og Ungdom, og på bordet låg aviser med artiklar om landsbyen og stridspunkta. Dei diskuterte saka, og leiar Gina Gylver fortalde at ho hadde drøymt at miljøorganisasjonen sende nokon nedover.

– Vi byrja å prate om det kl. 19 torsdag kveld og vi sat på bussen kvart over to på fredag.

– Folk skjøner at dei har gjort noko viktig og er klare for siste støyt før motivasjonen og ferdigheitene må brukast ein annan plass. Det er dessverre uendeleg med miljøsaker å kjempe for, seier Elise Sørensen. Foto: Elise Sørensen, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0

Elise Sørensen er frå Finnmark, og hjartesakene hennar er å halde Repparfjord og Førdefjorden frie for gruvedeponi. 20-åringen meiner den internasjonale merksemda Repparfjord-demonstrasjonane fekk var avgjerande for at kopargiganten Aurubis trekte seg frå prosjektet i august 2021.

Difor kjendest det viktig å skape blest om Lützerath også i Noreg.

Laurdag kom Sørensen og NU-kollega Elin Schopmeier fram til Lützerath, med tunge sekkar og telt.

Akkurat i tide til den største aksjonsdagen.

– Eg har vore arrestert i Noreg, og då er det nesten koseleg

Det var vått, kaldt og gjørmete, men òg veldig stort. Eg trur alle som var der følte dei var med på noko stort, fortel Sørensen.

Laurdag deltok fleire tusen i demonstrasjonane i Lützerath. Aktivistane meiner kring 35.000 menneske møtte opp, medan politiet meiner det var kring 15.000.

For å bryte opp demonstrasjonen brukte det tyske politiet vasskanonar, batongar og tåregass. BBC melder at kring 20 personar vart skadde og frakta til sjukehus.

– Vi var ganske langt unna, men vi såg alle ambulansane, seier Sørensen.

Foto: Elise Sørensen, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0

Ho har delteke på mange demonstrasjonar heime i Noreg. Ho var med både i Repparfjord-aksjonane i 2021 og Førdefjord-aksjonane i 2022. Det var likevel ei ganske anna oppleving i Tyskland.

 

– Eg har vore arrestert i Noreg, og då er det nesten koseleg.

I Lützerath har ho inntrykk av at politiet var greie, fram til dei møtte motstand. Då kunne dei verte meir brutale.

– Eg har sett videoar av tåregass og vasskanonar, og eg såg tåregassen på avstand, men der og då var det vanskeleg å skjøne kva konsekvensar det kunne fått om eg var 20 meter lenger til høgre.

Samstundes var planen heile vegen å lytte til politiet. Om politiet seier «slutt», så hadde ho slutta. Seier dei «gå», så hadde ho gått.

Noko av det som overraska ho mest, var at aksjonistane brukte dekknamn og ikkje ville dele personleg info som kor dei var frå med andre.

Av og til kan ein sleppe store konsekvensar om politiet slit med å finne ut kven du er. Då løner det seg å dekke til ansiktet, ikkje seie namn og å bruke måling og glitter på hendene for å skjule fingeravtrykk.

Flau over Greta-fokus

Det var ikkje berre Elise Sørensen og Elin Schopmeier som reiste for å støtte demonstrasjonane. Det same gjorde Greta Thunberg.

Elise Sørensen flirer godt av bileta av Greta Thunberg som vert boren vekk av politiet, med eit smil om munnen.
Foto: Federico Gambarini/dpa via AP

Elise Sørensen synest det er kult at den svenske klimaaktivisten skapar merksemd om saka, men det er ein liten bismak at mange av artiklane då handlar om Greta og ikkje saka.

– Eg vart nesten flau på dei norske media sine vegner, for dei ringde meg for å spørje om eg hadde sett Greta Thunberg og korleis det gjekk med ho. Men vi fotfølgde jo ikkje Greta Thunberg, seier 20-åringe lettare oppgitt.

Ho synest Thunberg er dyktig og modig, men det er ikkje akkurat god aksjonsskikk å fotfølgje folk og blande seg i andre sin business.


Gina Gylver deltok i protestane i Vevring, mot gruvedeponi i Førdefjorden, i fjor vår.
Foto: Jørgen Næss Karlsen/Natur og Ungdom/Flickr