Verda skal verna 30 prosent natur fram mot 2030: – Vil ikkje vera gratis

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I morgontimane i dag vart partane einige om ein ny naturavtale, som har vore målet for FNs naturtoppmøte (COP15) i Montreal i Canada.

Landa har blitt einige om vern og bevaring av 30 prosent av eit representativt utval av verdas natur. Avtalen varar til år 2030.

Avtalen inneheld følgjande mål:

  • 30 % restaurering av øydelagd natur.
  • 30 % representativt vern på land og til havs.
  • Mål om å redusera introduksjon og etablering av framande artar med 50 %.
  • Reduksjon av miljøskadelege subsidiar med 500 milliardar dollar årleg innan 2030.

COP15 skulle eigentleg vorte gjennomført i Kina i 2020, men vart utsett på grunn av koronapandemien.

Ifølgje NRK vart avtalen vedteke trass i at Kongo ikkje støtta avtalen.

Naturen sitt Paris-augeblikk

Naturrådgjevar i Forum for utvikling og miljø (ForUM), Ingrid Rostad, har følgt forhandlingane og meiner avtalen forpliktar verdas statar til å stansa naturtapet.

– Naturen fekk endeleg sitt Paris-augeblikk! Sjølv om naturavtalen sjølvsagt ikkje er perfekt, er han mykje betre enn me har våga å håpa på. Me har fått ein avtale som forpliktar partane til handling for å stansa naturtapet, det er ein stor siger! Særleg dei siste dagane har det sett mørkt ut, så me er mange som pustar letta ut no, seier Rostad i ei pressemelding frå ForUM.

Ho gler seg særleg over at landa pliktar å ha med seg menneskerettane og urfolksperspektiv i arbeidet.

Naturrådgjevar i Forum for utvikling og miljø (ForUM), Ingrid Rostad, har følgt forhandlingane og meiner avtalen forpliktar verdas statar til å stansa naturtapet. Foto: ForUM

Noreg og Australia saman for havet

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide Foto: Cecilie Stuedal

Noreg og Australia har saman med 35 andre land teke til orde for sterkare vern av verdshava. I ei felles utsegn tok landa til orde for å verna minst 30 prosent av verdas hav.

I ei pressemelding frå regjeringa understreka klima- og miljøminister Espen Barth Eide kor viktig det er å ta vare på matfatet vårt.

– Sjølv om havet er vårt største og mest artsrike økosystem og avgjerande for våre liv, kjem det ofte i skuggen av naturen på land. Det ser me også her på naturtoppmøtet, og ynskjer å gjera noko med det. Difor har Noreg i tospann med Australia teke initiativ til å få partane her med på eit krafttak for havet, sa Barth Eide i pressemeldinga.

Uroa for finansieringa

Rostad frå ForUM for utvikling og miljø er uroa for finansieringa, som har vore eit stridspunkt. Noreg har lova 120 millionar kroner til implementeringa av den nye avtalen, men verdas rike land skal til saman bidra med 100 milliardar dollar.

– No er avtalen klar, men han vil ikkje vera gratis å gjennomføra. Det er stor uro knytt til korleis vi skal klara å tetta finansieringsgapet, og dei som har mest må også bidra mest. Vi har ikkje råd til å ikkje levera på finansieringa av denne avtalen, seier Rostad i pressemeldinga.

Maja Aarønæs i miljøorganisasjonen Sabima har vore tilstades under COP15 i Montreal, Canada. Foto: Sabima

Også organisasjonen Sabina er nøgd med å ha fått avtalen i hamn to år på overtid, men er uroa for gjennomføringa.

– Me saknar eit tydeleg overordna mål for avtalen. Eit mål som like tydeleg som 1,5-gradar-målet til Klimakonvensjonen, eit mål heile verda kunne teke eierskap til. En naturpositiv verden innen 2030 var føreslege, men forsvann diverre ut i siste sving, seier gruppeleiar for politikk i Sabima, Maja Aarønæs, i ei pressemelding.


Les også: Nakeeyat (10) sette verdsleiarane på plass

Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0