Skottland: Ny studie tek til orde for 16-årig stemmerett ved alle britiske val

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2014, rett før skottane skulle stemme over sjølvstende, sette styresmaktene i Skottland ned stemmerettsalderen til 16 år. Dette vart vidareført frå valet i 2015.

No syner ein ny studie positive ringverknadar på sikt.

Fleire held fram å stemme

Rapporten Votes at 16 in Scotland 2014–2021 granskar valdeltakinga i det skotske parlamentsvalet i 2021, sju år etter stemmerettsalderen vart sett ned. Kva følgjer har lågare stemmerettsalder hatt for valdeltakinga?

Jan Eichhorn er forskar hjå Universitetet i Edinburgh. Foto: Universitetet i Edinburgh

Hovudforfattar Dr. Jan Eichhorn frå Universitetet i Edinburgh slår fast at det var ei god avgjersle frå det skotske parlamentet å late 16- og 17-åringar stemme.

– Mange unge førstegongsveljarar beheldt vanen med å stemme og deltek i større grad enn eldre førstegongsveljarar. Funna styrker argumenta for å gje unge stemmerett på tvers av Storbritannia for å betre den langsiktige stemmeåtferda, seier han i ei pressemelding.

Dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde høgare valdeltaking sjølv ut i 20-åra, samanlikna med unge som fekk stemmerett som 18-åringar.

Christine Hübner forskar på endringar i politisk engasjement, særleg blant unge. Foto: Universitetet i Sheffield

Dr. Christine Hübner peikar på at dette bryt med det vanlege mønsteret, der valdeltakinga går ned når ein er ung vaksen, men tek seg opp att frå midten av 20-åra.

– Dette viser at desse unge folka ikkje berre stemmer i større grad, men dei held fram med å stemme i aldrar kor valdeltakinga vanlegvis er på sitt lågaste, seier Hübner i pressemeldinga. Ho er forskar hjå Universitetet i Sheffield, som òg har bidrege i forskinga.

Liknande tendens i andre land

Tal frå Argentina, Brasil, Ecuador, Nicaragua og Austerrike viser òg at dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde 5–6 prosent høgare valdeltaking ved seinare val, enn dei som først stemte som 18-åringar.

Den same tendensen fann ein ikkje i dei norske prøveprosjekta med lågare stemmerettsalder.

I rapporten om dei skotske stemmevanane, kjem forskarane med fem tilrådingar til styresmaktene. Dei tilrår mellom anna å styrke tilgangen til politikkundervisning i skulen, og å sikre at unge får mogelegheita til å diskutere politikk.

I tillegg rår forskarane britiske politikarar til å ta til orde for å senke stemmerettsalderen til 16 år for alle britiske val.


Sanat Singh (18) er ein av leiarane i Make it 16. Foto: Privat