Kvifor vert Sam Smith hetsa for det Harry Styles vert hylla for?

Carina Carlsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Harry Styles og Sam Smith har vorte samanlikna og sett opp mot kvarandre i det siste. Dette er to svært talentfulle artistar som osar av karisma, og som bryt normene for kjønn på ein glitrande måte.

Men Smith vert hetsa for det Styles vert hylla for, og hetsen mot Smith er i stor grad prega av feittfobiske haldningar.

Denne kronikken handlar ikkje om å setje ulike kroppar opp mot kvarandre. Alle kroppar er bra kroppar, men diskusjonen rundt Sam Smith og Harry Styles er eit godt døme på kor ulikt ein vert behandla på bakgrunn av korleis kroppen ser ut.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Carina (hun/henne) (@fetmenfattet)

Dobbeltmoralsk

Feittfobi kan handle om frykta for å verte tjukk, men også hat og frykt mot tjukke menneske.

Ofte er feittfobi subtilt, som små kommentarar og blikk, medan andre gongar kan det vere valdelege handlingar, manglande helsehjelp eller tydelege feittfobiske haldningar av typen Sam Smith har vore utsett for dei siste vekene.

Sam Smith er ein ikkje-binær, skeiv og tjukk artist, og sleppte videoen I’m not here to make friends.

Smith er iført perler, korsett, ekstravagante kjolar, fjør og puppeduskar, med dansarar av alle kjønn rundt seg.

Videoen har ei rekkje referansar til skeiv kultur, med mellom anna sitat frå RuPaul’s Drag Race, og ikkje minst skeiv identitet og skeiv seksualitet.

Seksualitet i musikkvideoar er ikkje uvanleg, og seksuelle referansar har vore ein sentral del av musikken sidan Elvis lærte seg å «danse med ansiktet».

Vi har også sett dette i fleire av Harry Styles sine musikkvideoar, der han i sin video Sushi er halvt mann, halvt fisk, halvnaken og iført perler, kroner og paljettar.

Watermelon Sugar, ein song som handlar om at han elskar å utføre oralsex, er han åleine med ei gruppe vakre kvinner, som alle et vassmelon med sex i blikket.

Dei seksuelle under- og overtonane er med andre ord ikkje til å ta feil av. Men der Styles vert hylla for seksuell frigjering og å bryte med maskulinitetsnorma, opplever Smith det stikk motsette.

Verre å vere tjukk enn slem

At normbrytande kroppar og særleg tjukke kroppar provoserer, er ikkje noko nytt.

Lizzo har fått store mengder hets på bakgrunn av kroppen sin, og ikkje minst vart det store debattar i 2019 då modell og aktivist Angelina Duplisea var med i eit seks sekunds klipp i Miley Cyrus sin musikkvideo til Mothers Daughter.

Dette klippet førte til ei rekkje debattar og diskusjonar om tjukke kroppar.

Smith har fått enorme mengder kroppshets med kommentarar om alt frå at dei er ekle og «kven vil sjå dette», til at dei har forfalle.

Ein kommentar går så langt som å seie at Andrew Tate sit inne for «ingenting», medan «dette» får gå laust. Altså er det å vere tjukk og skeiv verre enn menneskehandel.

Det er med andre ord verre å vere tjukk enn slem.

Dette trass i at Smith sjølv har vore ute i det offentlege og forklart at dei har det betre enn nokosinne med seg sjølv. Dei har førebels ikkje adressert den pågåande hetsen, men derimot fylt Instagram-kontoen sin med kroppspositive bilete og meldingar.

Det er vanskeleg å tolke dette som noko anna enn kva det er: homofobiske, sjåvinistiske og feittfobiske haldningar, baserte på kropp og kjønnsidentitet.

Smith snakka om hetsen dei får som ikkje-binær i eit intervju med radiovert Zane Lowe:

«Eg kan late vere å google meg sjølv og lese kommentarane. Det er ein ting eg kan kontrollere. Det folk ikkje forstår er at transpersonar og ikkje-binære opplever dette ute på gata. Eg har vorte hetsa på gata. Verbalt. Meir enn nokosinne. Nokon spytta på meg.

Om dette skjer med meg, som er kjent, eg er ei popstjerne – kan du førestille deg kva andre skeive kjenner på?»

Kropp provoserer

Smith har tidlegare også stilt opp i ein paljett-jumpsuit – nesten lik den Harry Styles har brukt. Medan Styles vert løfta fram som eit ikon som bryt grenser, ser fantastisk ut og har vorte eit stilikon for alle kjønn, får Smith enorme mengder feittfobisk hets, også frå eige miljø.

Kroppspress i skeive miljø vert dessverre snakka altfor lite om, men internasjonal forsking viser at særleg skeive menn, ikkje-binære og transpersonar er grupper som er utsette for kroppsmisnøye og eteforstyrring.

sam smith harry styles kropp

Det kan vere mange grunnar til dette, men forskarane trur det for skeive menn mellom anna er skulda det enorme kroppsfokuset blant menn. For transpersonar og ikkje-binære kan det mellom anna vere ein måte å takle minoritetsstress eller kroppsskam, men også fordi eigne kroppar vert samanlikna med cis-personar og deira kroppslege ideal.

Så der Styles vert hylla for sin queerness, vert Smith skamma.

Og eg trur det delvis handlar om at Styles i det offentlege lever i heteropasserande relasjonar, sjølv om han er uttalt skeiv, medan Smith lever i skeive relasjonar.

Ikkje minst har Styles normkroppen og ein normativ utsjånad, og vert med det oppfatta som «tryggare» enn Smith. Smith bryt norma for både kropp og utsjånad. Det er der kritikken òg ligg – at Smith er tjukk og med det ekkel.

Normativ misnøye

Å mislike eigen kropp og utsjånad er i dag så vanleg at det har fått namnet «normativ misnøye». Det er altså meir unormalt å finne nokon som er fornøgd med eige utsjånad, enn dei som ikkje er det.

Barn ned i 3-årsalderen har ei forståing av kva som er ein akseptert kropp, og er meir tilbøyeleg til å vere slem mot andre barn som er tjukkare enn dei. Vektstigma er ein sentral del av eit barn sin kvardag ved fylte 9 år, og 7 av 10 unge ønskjer å gjere endringar på kroppen sin.

 

At vi let oss påverke og trur på bodskapen om at nokre kroppar er betre enn andre, er med det ikkje så rart. Men i tillegg til usikkerheit, eteforstyrring og negativt sjølvbilete, fører også feittfobiske haldningar til at tjukke menneske får dårlegare helsehjelp enn andre, har vanskelegare med å få seg jobb enn andre, tener dårlegare og får ei generelt dårlegare behandling enn slanke menneske.

Det er med andre ord store strukturelle krefter som må verte velta før vi kan slå oss til ro med kroppane våre.

Vi treng difor menneske som Sam Smith som opent bryt norma, som ikkje ber om orsak for eigen eksistens og ikkje minst – kan inspirere oss andre til å gje fingeren til kroppsnormene, og vere oss sjølve fullt ut – uavhengig av kropp, vekt eller identitet.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Martine Halvorsen skriv om treningsglede. Foto: Skjermdump frå Instagram @martine.halvs