Utdanning

«På tide å la elevane sjølve få velja kva nivå dei vil ha»

– No er det på tide å gi elevane valfridom i fleire fag, skriv Julius Mellgren i Akershus Unge Høyre.

Julius Kvello Mellgren (22)
Arbeidsutvalgsmedlem i Akershus Unge Høyre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi har allereie fritt nivåval i den norske skulen, det fungerer! No er det på tide å gi elevane valfridom i fleire fag.

Førre veke skreiv Najma Ahmed frå SU om Høgre sitt ynske om meir valfridom i den norske skulen.

Dessverre bomma ho totalt. Me vil ikkje at staten skal dela elevane etter ferdigheiter, me vil at elevane skal få velja nivå heilt sjølve.

quote-left

Dette kjem kanskje som eit sjokk for venstresida, men me har allereie fritt nivåval i matematikk i dag

quote-right

Dette kjem kanskje som eit sjokk for venstresida, men me har allereie fritt nivåval i matematikk i dag. Når ein elev startar på vidaregåande, får dei fritt velja mellom P- og T-matte. Ingen ropar krise over det. Tvert imot er dei fleste samde i at det fungerer.

Kvifor skal det plutseleg vera verdas undergang om me opnar for litt meir valfridom også i andre fag?

Eg vil ikkje ha A- og B-lag i skulen. Eg vil ha P-, T-, S- og R-lag. Ulike vegar som gir meining ut frå behova, interessene og planane til elevane for livet. At elevar lærer på ulike måtar og i ulikt tempo, er ikkje noko nytt. Då er det på tide å la elevane sjølve få velja kva nivå dei vil ha, i staden for å bli haldne tilbake, eller dytta gjennom eit opplegg som ikkje passar.

La oss vera ærlege, elevar er ulike. Nokre elskar teori, andre er praktisk retta. Nokre treng meir tid og repetisjon, andre mistar motivasjonen om dei ikkje får nok utfordringar. Skulen skal ikkje gjera oss like – han skal gi oss høve til å bli den beste utgåva av oss sjølve. Då må me òg kunna læra ulike ting, på nivå som gir meining for oss.

quote-left

Me snakkar ikkje om å skapa eit elitelag og eit botnlag.

quote-right

Når Høgre snakkar om at elevane skal få bestemma sjølve, høyrer venstresida at det er staten som skal velja for dei. Fritt nivåval handlar om å gi elevane meir fridom til å velja korleis framtida deira skal vera.

Me snakkar ikkje om å skapa eit elitelag og eit botnlag. Me snakkar om å anerkjenna verkelegheita. Nokon vil bli forskarar, andre handverkarar, nokre gründerar og andre helsearbeidarar. Skal alle pressast gjennom same løype, eller skal me byggja eit skulesystem som tek på alvor at me skal leva ulike liv?

Eg trur frykta for fritt nivåval handlar meir om ideologi enn om elevane. Venstresida drøymer om at alle elevar skal bli heilt like, men me er faktisk ganske ulike. Spørsmålet er ikkje om me skal ha forskjellar, men korleis me best handterer dei.

Eg vil ha ein skule som ser kvar enkelt elev, ikkje venstresida sin gjennomsnittselev. Ein skule der du kan velja å gå djupare i eit fag om du vil, eller ta ei meir praktisk retning dersom det er det du brenn for. Det er ikkje å skapa eit A- og B-lag, det er å ta ungdom på alvor.

Najma Ahmed, 1. nestleiar i Sosialistisk Ungdom, vil ikkje ha nivådeling i norsk skule.