«Hvorfor er du ikke tynnere når du trener så mye?»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Teksten var først publisert på Instagram, og er sett om til nynorsk og delt med løyve.
«Hvorfor er du ikke tynnere når du trener så mye?»
Eg får dette spørsmålet ofte, og eg vil berre minne om at trening handlar om så veldig mykje meir enn smal midje, thigh gap og feittprosent.
For meg er det ei gåve å kunne bevege meg. Å ha ein kropp som fungerer. Ein kropp som er frisk.
Eg beveger meg for å lufte tankane mine, eg beveger meg for å sove litt betre om natta og eg beveger meg for å ha litt meir overskot.
Eg beveger meg for å vere ein litt blidare sambuar, eg beveger meg for å orke litt meir og eg beveger meg for å kvitte meg med dei kjipe kjenslene og tankane eg måtte ha.
Eg beveger meg for å orke å springe etter tantebarnet mitt, for å vere sterk nok til å kunne hjelpe naboen med å bere inn den nye sofaen og for å ha overskot til å stille opp for menneska rundt meg.
For å vere rusta til alt eg har i møte, for å ha overskotet til det eg vil og for å ha det best mogeleg med meg, og i meg sjølv. Til å leve det livet eg ønskjer å leve.
Dei ekstra kiloa eg ber og dei merka kroppen min har, dei kjem av seine kveldar med gode vennar, favorittisen eg elskar å dele med kjærasten min og kvalitetstid med familien min.
Det kjem frå oppturar, nedturar og alt midt i mellom.
Dei kjem frå augeblikk, historier, minne og frå haugevis med latterkramper.
Den kroppen er den same kroppen som er sterk nok til å hjelpe naboen med å løfte inn den nye sofaen. Som har nok energi til å springe til bussen, og som er frisk nok til å gå ein lang tur i skogen. Fordi han har litt av alt. Litt av intervall på tredemølla og litt av fredagspizzaen. Balanse.
Livet handlar om så mykje meir enn korleis vi ser ut eller ei, og verdien vår ligg verken i midjemål eller mageruter, og det er eg så innmari glad for.
Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!