Andrea (17) vil ha båsar i alle skuledusjar: – Ingen som tvingar vaksne til å dusja i same dusj

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet er at dei fleste barne- og ungdomsskular skal få båsar inn i fellesdusjane, seier Andrea Teistedal Dyrøy på telefon til Framtida.no.

17-åringen vann nyleg talekonkurransen «Ta ordet!» med ein sterk appell for å få båsar inn i norske skulegarderobar.

Liste over kven som var styggast nakne

I talen fortel Dyrøy om korleis ho i femte klasse opplevde at det vart hengt opp ei liste over kven av jentene i klassen som var styggast nakne.

Lista vart teken ned før nokon av lærarane fekk nyss i det, men for dei som vart hengt ut har det sett spor.

Talen vart opphavleg skriven som ei skuleoppgåve, og Teistedal Dyrøy fortel at ho synest det var ubehageleg å snakka om første gong ho las talen sin opp for klassen.

– Det er litt tabu å snakka om, sjølv om den lista som vart skriven berre er tull. Det er ikkje slik at sidan eg står på den lista så er eg superstygg, men det er lett å tenkja at andre folk tenkjer slike ting, forklarar 17-åringen. 

Andrea Teistdal Dyrøy (17) vann retorikkonkurransen Ta ordet! med sin appell for dusjbåsar på skulen. Foto: Tove K. Breistein/Ta ordet!

Sjukepleiar takka for innlegget

Etter at teksta hennar vart kåra til vinnar av «Ta ordet!» og publisert i Bergens Tidende har ho fått mykje skryt av folk som er einige. 

Ei av dei som rosar 17-åringen er sjukepleiar og sexolog Ingeborg Hatlevik Ørjasæter frå Stord. I eit Facebook-innlegg republisert av Stord24 takkar ho Teistedal Dyrøy for å ta opp eit viktig tema.

«Eg har snakka med mange hundre ungdommar, barn, foreldre, lærarar og helsesjukepleiarar om denne tematikken. Det er så mange smertefulle forteljingar om barn og ungdom sitt forhold til kropp og fellesdusjar!» skriv sjukepleiaren.

Dei som dusja vart kalla «horer»

Dei som ikkje deler synet til Andrea Teistedal Dyrøy i at båsar er løysinga på unge si dusjvegring peikar gjerne på at det å bli eksponert for kropp vil gjera det meir naturleg.

Akkurat dette er Teistedal Dyrøy ueinig i, og peikar på at det der ho gjekk på skule ikkje vart lettare sjølv etter mange år med fellesdusjing.

– Då eg gjekk på ungdomsskulen var det verre enn på barneskulen. Det var nesten ingen som dusja og dei som dusja vart snakka stygt om og kalla «horer», fortel 17-åringen. 

Ho deler synet til dei som skulle ynskja at alle hadde eit naturleg og godt forhold til eigen kropp, men peikar på at det er eit stort problem for mange.

Ikkje alle likar å dusja saman med andre, men dei aller fleste gjer det. Foto: Colourbox

Tidspress, skitne dusjar og frykt for kamera

ei svensk undersøking frå 2016 svara to av tre ungdomsskuleelevar at dei ikkje dusja etter gymtimen. Fleirtalet (80 prosent) fortalde at grunnen til at dei ikkje dusja var tidspress – dei ville ikkje rekke neste time. 60 prosent skulda på skitne dusjar og garderobar.

Samstundes oppgav halvparten at dei ikkje dusja fordi dei syntest det var vanskeleg å vise seg naken, medan 20 prosent var uroa for å verte filma.

Ifølgje ein norsk studie frå 2017 svara nesten 90 prosent at dei synest det er greitt å dusja etter gymtimen.

Professor Kjersti Mordal Moen ved institutt for idrett og kroppsøving ved Høgskolen i Innlandet er ein av forskarane bak studien. Ho uttala til NRK i september at ho meinte det var viktigare at dei vaksne er tilgjengelege, enn at ein får installert båsar.

– Og då meiner eg ikkje at lærarane skal stå vakt i garderoben. Men at dei skal vera til stades i den forstand at dei er i nærleiken om det skulle skje noko, og at elevane skal føla seg trygge på at dei har ein vaksenperson som har og tek ansvar, sa Mordal Moen.

Kan ikkje påleggja elevane å dusja

I ein e-post opplyser Kunnskapsdepartementet at skulane ikkje kan påleggja elevane å dusja.

Dette kjem fram i ei tolking frå 2014. Dette er eldre enn dagens skulemiljøreglar, men departementet meiner situasjonen i dag er den same.

«Det er ingen føringer fra sentrale hold om hvilke tiltak som skal settes inn dersom elever ikke vil dusje. Hvilke tiltak som skal settes inn, må avgjøres lokalt etter ein konkret og faglig vurdering av det aktuelle skolemiljøet,» opplyser departementet.

Andrea Teistedal Dyrøy (17) klar for å tala om saka ho har engasjert seg i. Foto: Tove K. Breistein/Ta ordet!

– Eit stort problem for mange unge

– Kva er ditt råd til dei som slit med fellesdusj, og som ikkje har båsar tilgjengeleg?

– Eg ville anbefalt å tatt det opp og sagt ifrå at du synest det er ubehageleg, slik at ein kan gjera noko med det. Det er kanskje ikkje optimalt, men eg brukte ikkje å dusja på skulen etter gymmen og fekk fare heim for å dusja. Nokre synest det er heilt greitt å dusja saman og det er flott, men det er viktig å ta omsyn til dei som ikkje synest det, seier Teisedal Dyrøy.

Ho understrekar at slike omsyn ikkje vil gå ut over dei som synest det er heilt greitt i fellesdusjen.

17-åringen lastar ikkje skulen for det som skjedde og håpar at hennar erfaring kan vera ein augeopnar for fleire vaksne.

– Eg håpar folk sit att med at dette er eit problem som burde gjerast noko med fordi det er eit stort problem for mange unge i Noreg. Det er ingen som tvingar vaksne til å dusja i same dusj, så eg håpar å skapa litt merksemd rundt det og få folk til å reflektera, seier Dyrøy.