LHBT+miljøet fryktar nytt trans-grep frå den britiske regjeringa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.01.2023 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatering: Storbritannias regjering har no vedteke at dei vil stoppa det skotske vedtaket, ifølgje The Guardian.

«Me bønnfell statsministeren om å stoppa denne unødige og skadelege handlinga med det same, og i staden anerkjenna det betydelege positive bidraget frå transpersonar frå heile Storbritannia».

Det skriv 145 LHBT+leiarar i eit felles utsegn publisert 10. januar 2023, ifølgje LHBT+nettstaden Pink News.

Storbritannia utfordrar ny skotsk kjønnslov

Organisasjonane reagerer på at den britiske regjeringa vil utfordra den skotske Gender Recognition Reform (GSR), som vart vedteke i desember i fjor.

– Det sender ei klår melding om at den britiske regjeringa ikkje føler transpersonar er verdige respekt i samfunnet vårt, i staden er dei er ein trugsel som må haldast i sjakk. Desse handlingane står i direkte motsetnad til dei inkluderande verdiane som karakteriserer moderne Storbritannia, skriv leiarane, som fryktar for landets rykte.

Lovendringa som vart vedteke i det skotske parlamentet gjer det lettare å endra kjønn i juridiske dokument som fødselsattest, ekteskapsattest og dødsattest.

I dag må ein i Storbritannia søkja om å få endra juridisk kjønn til eit panel på bakgrunn av diagnosen kjønnsdysfori. Denne prosessen kan ifølgje Pink News ta lang tid.

Kjønnskategoriane er òg avgrensa til kvinne eller mann, medan ikkje-binær ikkje er rettsleg anerkjent.

Fjerna diagnose og ventetid

Personar som søkjer om å endra juridisk kjønn i Storbritannia må i dag dokumentera at dei har levd i kjønnsuttrykket dei søkjer om i to år. Dette kan innebera at dei har endra namn og kjønn i pass og på førarkort, som er mindre omfattande.

Den skotske lovendringa gjer prosessen mindre omfattande. Ein treng ikkje lenger diagnosen kjønnsdysfori, søknadane skal handsamast meir lokalt, tida ein må ha levd i kjønnsuttrykket er betydeleg kortare og aldersgrensa for å søkja vert senka frå 18 til 16 år.

Transpersonar må likevel framleis sverja eid om at dei skal bli verande sitt autentiske eg livet ut. Det er ei straffbar handling å med vilje senda inn ein falsk søknad.

Når Storbritannia utfordrar Skottland sin rett til å implementera lovendringa fryktar kritikarane at det kan føra til innskrenkingar i transpersonar sine rettar.


Illustrasjonsfoto: Karollyne Hubert on Unsplash // privat