Storbritannia vil slå hardare ned på klimaprotestar

Regjeringa vil gje politiet verkemiddel for å slå ned på protestar som mellom anna hindrar trafikken. Kritikarar meiner lova sidestiller protestar med kriminalitet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Storbritannias innanriksminister Suella Braverman vil ha strengare tiltak mot klimaaktivistar og andre protestar.

– Politiet må ha alle makter dei treng for å stoppa demonstrantar som bruker geriljataktikkar og påfører kaos og elende på den lovlydige majoriteten, sa Braverman i ein tale publisert av The Independent.

Suppe på van Gogh

Innanriksministeren har sett seg lei av aksjonsmetodane til klimagrupper som Extinction Rebellion og Just Stop Oil, som har gjennomført fleire aksjonar i Storbritannia.

Førre veke skapte det overskrifter verda over då to aksjonistar kasta suppe på eit Van Gogh-måleri på Nasjonalgalleriet i London.

Braverman har teke opp tråden etter sin forgjengar Priti Patel, som har føreslått lovendringar som skal gjera fleire verkemiddel knytt til sivil ulydnad ulovleg.

Kalla lova «skadeleg»

Endringane i The Public Order Bill vart behandla og vedtekne i Underhuset tysdag med 276 stemmer for og 231 mot, ifølgje The Herald.

Lova må gjennom Overhuset og få kongeleg samtykke, før ho trer i kraft.

Lova har fått kritikk frå mellom anna advokatfullmektig Adam Wagner, som då ho vart introdusert av Patel kalla lova «skadeleg» fordi ho «behandlar fredelege protestar som gjengkriminalitet». Han fryktar for ytringsfridomen i landet.

Lova gjev politiet større fullmakter til å gripa inn i forkant av demonstrasjonar som hindrar viktig infrastruktur og tilgang til tenester, som kommunikasjon, transport, utdanning, religionsutøving eller helsetenester.

Lova skal òg innføra ei buffersone på 150 meter rundt abortklinikkar.


George Carrew-Jones (25) er engasjert i organisasjonen UK Student Climate Network (UKSCN). Foto: UK Student Climate Network