Vekas viktigaste: Helikopterstyrt, dokumenttrøbbel og verdas eldste runestein

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 23.01.2023 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare russisk leigesoldat rømte til Noreg

Leigesoldaten Andrej Medvedev kryssa Pasvikelva, som er ei grenseelv mellom Noreg og Russland, medan elva var frosen. Foto: Karlsbakk, Public domain, via Wikimedia Commons

Andrej Medvedev rømte førre veke over den russiske grensa til Noreg og søkte asyl. Medvedev skal ha hatt ei leiarrolle i Wagnergruppa, og blir avhøyrt av PST denne veka.

Wagnergruppa er ein organisasjon med leigesoldatar. Dei er ikkje ein offisiell del av det russiske forsvaret, men skal ha blitt brukt av Russland i blant anna Mali. Der er gruppa skulda for å ha gjennomført krigsbrotsverk, noko dei også har blitt mistenkt for i Ukraina.

Medvedev har teke med seg fleire minnepinnar, og har påstått at han har informasjon og videomateriale av brotsverk som Wagnergruppa har gjennomført i Ukraina. Han kan difor vere eit verdifullt vitne i ei eventuell rettssak mot gruppa, men det er fleire ting som gjer situasjonen komplisert.

Det er uklart kor mykje han sjølv har delteke i krigsbrotsverk. Noreg må finne ut av dette før dei kan gje Medvedev asyl. Dersom han ikkje får asyl, kan det vere Ukraina eller Russland vil ha han utlevert og dømt for brotsverka. Ifølgje den Europeiske menneskerettsdomstolen kan Noreg ikkje utlevere Medvedev dersom han risikerer å bli torturert og ikkje er sikra ein rettferdig rettssak.


Kongressen vil etterforske Joe Biden for å ha statsdokument

Den amerikanske presidenten Joe Biden har hatt graderte statsdokument i den private heimen sin. Her er han fotografert 25. august 2022. Foto: Adam Schulz, Det kvite hus.

Justisdepartementet i USA er varsla etter president Joe Biden sine advokatar fann statsdokument på den private eigedommen hans. Dokumenta stammar frå tida då han var visepresident for Barack Obama.

Til saman er det 20 dokument som er fordelt på to forskjellige eigedommar: Den private heimen til Biden i delstaten Delaware og eit kontor Biden disponerte ved ein tenketank. Justisministeren har no utnemnd ein spesialetterforskar som skal finne ut kvifor presidenten hadde desse dokumenta.

Biden seier at han ikkje veit kva dokumenta inneheld, eller kvifor dei var lagra hjå han. Det kvite huset har varsla at dei kjem til å samarbeide med etterforskinga, og at dette berre er ei feilplassering.

Donald Trump har tidlegare blitt kritisert av demokratar for å oppbevare statsdokument på private eigedommar, og blir no etterforska for det. Sidan republikanarane har teke over representanthuset i USA, kjem dei truleg til å presse på for ei etterforsking av Joe Biden på same måte, sjølv om det handlar om færre dokument.


Historisk nedgang i folketalet i Kina

Illustrasjonsfoto: 东旭 王 on Unsplash

For fyrste gong i moderne tid har folketalet i Kina gått ned. Ved utgangen av 2022 hadde landet 1,42 milliardar innbyggjarar, som er ein nedgang på 850 000 menneske frå 2021.

Grunnen er ein nedgang i barn som blir født, og ein oppgang i kor mange som har døydd. Fram til 2015 var det ikkje lov å få meir enn eitt barn i Kina. Sidan då har derimot styresmaktene snudd, og det er innført fleire tiltak for å oppmuntre folk til å ha barn.

Likevel trur ein FN-ekspert at folketalet vil krympe med 109 millionar personar fram til 2050. I år er det venta at India tek over som det mest folkerike landet i verda.


Ukrainske toppolitikarar døydde i helikopterstyrt

Blomster og bamser på eit helikopterfragment.

Eit helikopter krasja i Kyiv og tok livet av fleire ukrainske toppolitikarar om bord, i tillegg til fleire barnehagebarn. Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky

Onsdag døydde 14 personar i ein helikopterstyrt i Ukraina. Ni av desse var om bord i helikopteret då det styrta. Det inkluderer blant anna leiinga i det ukrainske innanriksdepartementet, som innanriksminister Denys Monastyrskyj, viseinnanriksminister Jevhenij Jenin og statssekretær Yurij Lubkovytsj.

Helikopteret styrta ned i Brovary i hovudstaden Kyiv nær ein barnehage og ei bustadblokk. Tre barn døydde og fleire vart skada.

Førebels er det uklart kva som er årsaka til styrten, men det var både vind og tåke då det skjedde. Korkje Ukraina eller Russland har sagt noko om at det var eit åtak.


Høgre vil ha store endringar i ungdomsskulen

Illustrasjonsfoto: Taken frå Pixabay

Denne veka offentleggjorde Høgre sitt forslag til ungdomsskulereform.

Dei foreslår mellom anna:

  • eit prøveprosjekt der elevar startar på ungdomsskulen på  7. trinn, og går fire år på ungdomsskulen
  • ein skriftleg norskkarakter, der hovudmål og sidemål er slått saman
  • at alle elevar skal ha eit yrkesfagleg valfag
  • at realfag blir satsa meir på, blant anna ved å innføre èin time meir med naturfag i veka

Om tidlegare ungdomsskule betyr innføring av karakterar tidlegare er ikkje heilt klart. Erna Solberg vektlegg er at elevane kan få lenger tid til å venne seg til krava på ungdomsskulen.


✨Vekas lyspunkt✨: Fann den eldste runesteinen nokosinne

Verdas eldste runestein funnen ved Tyrifjorden. Foto: Javad Parsa / NTB

Denne veka blir verdas eldste runestein utstilt på Kulturhistorisk museum i Oslo.

Runolog og professor Kristel Zilmer grov i 2021 fram ein om lag 2000 år gamal runestein i Hole kommune. Runesteinen stammar frå mellom år 1 til år 250 etter vår tidsrekning.

Alderen på steinen kan bety at andre runesteinar er eldre enn forskarar har trudd. Sjølve steinen har fleire runar som kan vere namn på personar. Det gjer at forskarane trur det kan ha vore ein slags gravstein.


Fekk du med deg det som skjedde førre veke?

Vekas viktigaste: NNPF, demonstrasjonar i Brasil og vaksine for bier