Vekas viktigaste: NNPF, demonstrasjonar i Brasil og vaksine for bier

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny rapport viser at politiet har blanda roller med privat foreining

Justisminister Emilie Enger Mehl. Foto: Rune Kongsro/Justis- og beredskapsdepartementet

Denne veka kom «Rolleforståelsesutvalget» sin rapport om koplinga mellom Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF) og politiet. NNPF er ein privat organisasjon som er for ein streng ruspolitikk. Dei var blant anna motstandarar av rusreforma som vart lagt fram i 2021. NNPF har inga formell knyting til norsk politi, men dei fleste medlemmene er tilsette i politiet.

NNPF har blant anna stått for opplæring av politiet innan rustematikk. Det meiner utvalet kan vere eit problem. Rapporten understrekar også at det kan vere eit demokratisk problem at dei har stått bak utviklinga av ruspolitikken og -praksisen til politiet.

Utvalet peiker også på fleire medieoppslag som viser at NNPF har samarbeida med kommunar, halde foredrag i uniform, delt adresse med politistasjonar, og andre tilfelle der det kan ha vore vanskeleg å skilje mellom organisasjonen og politiet. Dei har rett og slett ikkje følgt reglane som skal sikre at politiet ikkje blandar jobben med private verv.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har no blitt bedt om å forklare korleis politiet skal rydde opp i denne saka.


Statsbygningar vart storma i Brasília

Ei kvinne framfor militærpolitiet i Brasília, som er førebudd på demonastrantar. Foto: AP Photo/Gustavo Moreno

Tilhengjarar av den tidlegare brasilianske presidenten Jair Bolsonaro tok seg inn i fleire statsbygningar på sundag. Den nye presidenten, Lula da Silva, var ikkje i hovudstaden Brasília då det skjedde, men besøkte flaumoffer i São Paolo.

Politiet fekk kontroll over bygningane etter kvart. President da Silva skuldar fleire politifolk for å la vere å stoppe demonstrantane og at nokre sjølv deltok, noko han meiner må straffast.

Jair Bolsonaro har tvitra at han fordømmer demonstrasjonar som skjer ulovleg. Bolsonaro var ikkje i Brasil under storminga. Han reiste til Florida like før presidentperioden hans var over, og deltok ikkje på seremonien då da Silva vart president. Det er usikkert om den tidlegare presidenten får lov til å fortsette i vere i USA framover.


Angola toppar lista over gløymde kriser

Utvikling- og naudhjelpsorganisasjonen Care har kome med ei liste over dei verste krisene i verda som får lite omtale av media. På toppen av lista er Angola, som har si verste tørke på 40 år. Organisasjonen har gått gjennom over 5 millionar nettartiklar, og berre 1857 nemner Angola si krise.

Den sørlege delen av Angola har no i fleire år vore påverka av tørke. Landet har 114 000 barn som er underernærte, og 3,81 millionar menneske har ikkje nok å ete. Krisa er delvis eit resultat av klimakrisa, men også av aukande matvareprisar internasjonalt.

Generalsekretær i Care i Noreg, Kaj-Martin Georgsen, påpeiker at krisa i Ukraina var med i rapporten i fjor, men at det i år er ei av dei mest omtalte krisane.

– Ukraina er eit eksempel på korleis det vi i dag ignorerer, i morgon kan påverke oss nordmenn direkte, legg han til.


Regjeringa set inn tiltak på grunn av høge matprisar

Frukt og grønt

Foto: gemma via Unsplash

Regjeringa har denne veka møtt med dei største matvarekjedene for å prate om at prisen på matvarer har blitt høgare. Mat og drikke blitt 6,5 prosent dyrare i løpet av det siste året. Det er meir enn den generelle prisauken i samfunnet, som har vore på 5,8 prosent.

No varslar regjeringa at dei sett inn tre tiltak på grunn av dei auka prisane. Dei skal:

  • gjere ein studie av kvar pengane blir av frå bonden produserer maten til han hamnar i butikken.
  • be konkurransetilsynet sjekke kvifor det skjer mykje prissignalisering. (Prissignalisering er når nokon til dømes varslar på førehand at dei skal setje prisen på ei vare opp før det skjer.)
  • greie ut korleis prisar faktisk blir til. Aktørane i matmarknaden kan berre setje opp prisar to gonger i året, og regjeringa vil finne ut meir om korleis det skjer.

Salsrekord for prins Harry si bok «Spare»

Harry og Meghan

Prins Harry og Hertuginne Meghan frå 2017. Foto: Mark Jones, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Boka «Spare», eller reserve på norsk, har selt over 400 000 eksemplarer dagen ho vart utgjeven. Det er den raskast seljande sakprosaboka nokosinne. Boka er sjølvbiografien til prins Harry, yngstesonen til Charles den tredje, kongen av Storbritannia.

Det har vore knytt store forventningar til biografien, som avslører fleire private detaljar om den britiske kongefamilien. Prins Harry og kona hans, hertuginne Meghan, har blitt mindre involvert i kongefamilien dei siste åra, og bur no i USA.

I 2022 annonserte dei at dei ikkje kom til å gjennomføre offisielle oppdrag på vegner av kongefamilien lenger. Boka legg fram den personlege historia til Harry og forholdet han har til både kongefamilien og media.


✨Vekas lyspunkt✨: USA godkjenner vaksine for honningbier

Illustrasjonsfoto: Boris Smokrovic / Unsplash

Den fyrste vaksinen for insekt i historia er no godkjent. Ho skal beskytte honningbier mot ein smittsam bakteriesjukdom som har gått hardt utover mange bikubar.

Forskarar har lenge trudd at det er umogleg å lage vaksinar til insekt. Vaksinar fungerer nemleg ved at ein lærer opp immunforsvaret til å kjenne igjen eit virus eller ein bakterie, og insekt har ikkje eit immunforsvar som tilpassar seg på same måte som hjå menneske.

No har dei likevel fått det til. Sidan biene speler ei viktig rolle i naturen, er det viktig å ta vare på dei. Nokre typar bier er også utryddingstruga.


Fekk du med deg det som skjedde førre veke?

Munnbind, termometer og SHabana Rehman

Kollasj av Framtida. Foto: Mika Baumeister / Unsplash, tvbayernlive via Canva, Inge Krossøy (xoy.no) / Nordiske Mediedager, CC BY-SA 2.0, via Wikimedia Commons