Lærarar fortvilar over ny kunstig intelligens
Ein ny såkalla chatbot kan skrive artiklar og analysere dikt og gjer det enkelt å jukse på skulen. No har norske lærarar sendt bekymringsmelding til Stortinget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den kunstige intelligens-teknologien «ChatGPT» vart sleppt av selskapet Open AI sist veke og er alt teken i bruk av norske elevar. Dataprogrammet kan gjere alt frå å kode ein fullstendig app til å analysere dikt, og teksten det produserer er unik.
Denne veka sende Landslaget for norskundervisning bekymringsmelding til stortingspolitikarane, skriv NRK og siterer brevet:
«Lærere, både i norsk og andre fag, opplever at elever i stadig større grad benytter seg av åpent tilgjengelig kunstig intelligens i egne skriftlige arbeider».
Og vidare:
«Jeg er svært bekymret for utviklingen og mener at den på sikt truer befolkningens skrive- og leseferdigheter, demokrati og ny idé- og kunnskapsutvikling.»
- Les også: Andrea (17) vil ha båsar i alle skuledusjar: – Ingen som tvingar vaksne til å dusja i same dusj
Undergrev utdanning
Morten Irgens er prosjektleiar for forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid på Høyskolen Kristiania og deltek i fleire internasjonale samarbeidsprosjekt om kunstig intelligens. Han deler bekymringa til lærarane:
– Denne teknologien kan heilt klart undergrave integriteten til all utdanning. Det er ei devaluering av grada ein får av ei utdanning, seier Irgens til NRK.
Professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, Eirik Vassenden, meiner den kunstige intelligensen har potensial til å gjere folk late og dumme og lette å utnytte, og meiner det krev at lærarar unngår å lage oppgåver som inviterer til passiv montering av informasjon.
– Det er utruleg naivt å tenkje at det å finne, organisere og setje saman observasjonar og informasjonsbitar ikkje har ein verdi i seg sjølv. Det er jo dette som er å skaffe seg kjennskap til eit fenomen, seier han til NRK.
KI-ekspert Morten Irgens meiner derimot studentane kan bruke chatbotar på same måte som dei har brukt biblioteket, og at det går an å legge meir vekt på munnleg deltaking i klassen, munnlege eksamenar, deltaking i gruppearbeid og vise personleg at ein kan ting.