Senterungdommen droppar bistandskutt – vil gje 1 prosent av BNP

På landsmøtet tidlegare i år var det strid om Senterungdommen skulle gå inn for 0,7 prosent eller 1 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) i bistand.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det at Senterungdommen kanskje vil kutta bistandsbudsjettet med ein tredjedel er usolidarisk og liknar ikkje på det Senterungdommen eg kjenner.

Det sa Dordi Boksasp Lerum i sentralstyret i Senterungdommen på telefon til Framtida.no før årets landsstyremøte i ungdomspartiet.

Ho var ein av delegatane som kjempa for at Senterungdommen skulle gå inn for 1 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) i bistand.

På landsmøtet enda det med vedtaket:

Noreg skal innvilga minst 1 prosent av BNP til utviklingshjelp,
og aktivt gi støtte (og) hjelp i samsvar med FNs berekraftsmål.

Bistandskritikk av regjeringa

Arbeidar- og Senterpartiregjeringa fekk kritikk for å ikkje leggja opp til 1 prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) i bistand i sitt forslag til statsbudsjett.

Etter forhandlingane med støttepartiet SV mangla det framleis 14,6 milliardar kroner for å nå bistandsmålet, ifølgje avisa Vårt Land.

No lovar Bosasp Lerum at Senterungdommen skal jobba opp mot regjeringa for at dei skal følgje etter.

– I tillegg vil vi også jobba for at meir av bistandspengane skal gå til landbruk og matproduksjon, slik at dei på sikt blir sjølvberga. Det er både berekraftig og solidarisk! Skal vi få folk og land ut av fattigdom må vi hjelpa dei til å stå på eigne bein. Tilgangen til mat er då heilt elementær, skriv Boksasp Lerum i ein e-post til Framtida.no.


Les også: Regjeringa får bistandskritikk: – Verda brenn og Noreg håvar inn

Leiar i Changemaker Naja Amanda Lynge Møretrø. Foto: Changemaker