Senterungdommen skal diskutera bistandskutt: – Usolidarisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er brei tverrpolitisk semje om å gje 1 prosent av BNI i bistand. Det at Senterungdommen kanskje vil kutta bistandsbudsjettet med ein tredjedel er usolidarisk og liknar ikkje på det Senterungdommen eg kjenner.

Det seier Dordi Boksasp Lerum, i sentralstyret i Senterungdommen, på telefon til Framtida.no.

0,7 prosent eller 1 prosent av BNP

I helga skal ungdomsfløya til eitt av dei to regjeringspartia vedta nytt internasjonalt program. Eit av stridspunkta er om Senterungdommen skal halda på målet sitt om å gje
1 prosent av BNP (brutto nasjonalprodukt) i bistand til fattige land, eller gå inn for 0,7 prosent.

Alternativ A: Noreg skal innvilga minst 1 prosent av BNP til utviklingshjelp,
og aktivt gi støtte (og) hjelp i samsvar med FNs berekraftsmål.

Alternativ B: Noreg skal innvilga minst 0,7 prosent av BNP til utviklingshjelp, og aktivt gi støtte (og) hjelp i samsvar med FNs berekraftsmål.

Lerum støttar alternativ A og meiner det er viktig at Noreg er eit føregangsland på bistand, særleg med tanke på situasjonen me no er inne i.

– Det ville nesten vore skammeleg om vi skulle gått inn for å kutta i bistanden både som det solidariske partiet vi er og med tanke på den verdssituasjonen me er inne i.

Skuffa over bistandskutt

I arbeidet med Hurdalsplattforma vart Arbeidarpartiet og Senterpartiet einige om å framleis gje 1 prosent av BNI (brutto nasjonalinntekt) i bistand.

Brutto nasjonalprodukt (BNP) er verdien av alt som vert produsert i eit land, medan brutto nasjonalinntekt (BNI) er inntektene òg frå utlandet. Dei fleste oppgjev bistandsmålet sitt i BNI.

Regjeringa fekk massiv kritikk då dei la fram sitt forslag til statsbudsjett, der berre 0,75 prosent av BNI går til bistand. Denne kritikken stiller Lerum seg bak.

Regjeringa sitt forslag til bistandsbudsjett for neste år er på 43,8 milliardar kroner. Det er ein auke på 2,5 milliardar kroner frå årets budsjett.

Regjeringa forklarar, ifølgje NRK, at høge inntekter frå olje og gass har gjort at dei måtte ha auka bistanden med 16,8 milliardar for å nå målet om 1 prosent.

I forslaget til stortingsvedtak skreiv regjeringa at dei vil halda fram med å auka bistanden i åra framover med ei målsetjing om å bruka 1 prosent av BNI til internasjonal innsats for å nå FN-måla om sosial, økonomisk og miljømessig berekraft.

Rikdom, kriser og påverkar ikkje inflasjon heime

Lerum peikar på tre grunnar til at Senterungdommen bør halda på bistandsmålet sitt:

  • Vi er eit av verdas rikaste land. I tillegg har staten rekordstore inntekter. Vi må vera solidariske og ha eit ambisiøst mål i bistandspolitikken.
  • Verda står overfor mange kriser, og Noreg har plikt til å hjelpa. Klimakrise, krig, pandemi – vi er eit ressurssterkt land, og vi kan ikkje sitja i ro å sjå på at folk døyr fordi vi gir mindre bistand. I tillegg treng vi alle kloke hovud vi kan ha for å løyse desse krisene, og då må vi legga til rette for det.
  • Bistandsmidlar bidreg ikkje til inflasjon. Bistandsmidlar som går til andre land og som ikkje trekker på norske ressursar, gir ikkje press i norsk økonomi og vil difor ikkje påverka renta vår her.

Les også: Andrine Seppola (19) er innstilt som ny leiar i Senterungdommen

Vil ikkje kommentera

Innstilt leiar i Senterungdommen, Andrine Seppola, innstilt politisk nestleiar Ibrahim Ali og innstilt internasjonal leiar Torstein Buskaker er blant dei som står bak forslaget om 0,7 prosent bistand. Ingen av dei tre vil kommentera saka til Framtida.no.

– Eg tenkjer at no skal me ha eit landsmøte og det er det høgste organet i partiet. Då skal me diskutera det og stemma over det. Utover det har eg ingen kommentar, seier Buskaker.

Tidlegare denne månaden stilte Seppola opp i dissens-duell på partiet sin eigen Facebook-kanal der ho forklara forslaget slik:

– Det blir strammare og strammare budsjett framover og då meiner eg at me òg må våga å ta dei tøffe prioriteringane. Å kutte bistanden med 0,3 prosent trur eg er ei sånn tøff prioritering som kjem til å gagna både oss og solidaritetspolitikken på sikt. Me brukar pengar på masse unødig byråkrati i Noreg i dag og eg vil heller ha meir målretta bistand, men mindre av statsbudsjettet til det her, seier Seppola i Facebook-videoen.

Lerum er kjent med motargumentet som går på at norske bistandsmidlar vert borte i byråkrati, noko ho argumenterer mot:

– Dei bistandsmidlane ein brukar på byråkrati er minimale, og noko me treng for å ha kontroll på at pengane kjem der dei skal. Utan byråkrati risikerer ein at pengane fell i feil hender, god styring hindrar korrupsjon og ein finn få skandalar knytt til norsk bistand i nyare tid.

Changemaker og Spire reagerer

Fungerande leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan, reagerer i ei pressemelding på at den innstilte leiinga i Senterungdommen vil skalera ned Noregs bistandsmål.

– Dette er ikkje tida for å vera gjerrig og usolidarisk. Noreg, som har fått auka olje- og gassinntekter på grunn av krigen i Ukraina har eit særskilt ansvar for å hjelpe.

Også Spire-leiar Elise Åsnes reagerer i pressemeldinga:

Spire-leiar Elise Åsnes. Foto: Presse/Spire

– Akkurat no er verda midt i fleire kriser. Dette er ikkje tida for å krympa bistandsbudsjettet. Eg blir difor svært opprørt over å sjå at fleire i Senterungdommen går inn for eit hårreisande lågt bistandsnivå. Samtidig er eg veldig glad for å sjå at fleirtalet i programkomiteen går inn for å halda på målet om 1 prosent, seier Åsnes i pressemeldinga.

Ho peikar på at Senterungdommen, som ungdomspartiet til utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim, har ei viktig rolle.

– Skal me sikre eit rettferdig og solidarisk bistandsbudsjett, må Senterungdommen halda utviklingsministeren og moderpartiet ansvarlege.


Knut Vaage-Kowalzik framfor presseveggen. Foto: Linnea Holen Jansson